Ministeren ser fleire fordelar med ”Ekspressbuss Vestlandet”. Sjukehus og andre tenester blir enklare å nå og meir tilgjengelege. Ikkje minst er miljøverdien viktig, gav ho uttrykk for under møtet med Olav Bratland, leiaren for Vestlandsrådet 7. juni.
Alternativ til privatbilen
Statsråden peika på at eit slikt busstilbod reint faktisk er eit alternativ til privatbilen fordi ferjene er tilpassa normal køyring mellom dei ulike ferjestrekka. I tillegg vil det vere positivt å få til eit felles billetteringssystem.
På utfordringa frå leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland, om å gå saman i eit spleiselag for å realisere ei slik satsing, seier statsråden likevel at det i dag ikkje finst budsjettpostar hos samferdsledepartementet til slike satsingar. Ho vil likevel gå gjennom prosjektet nøyare og sjå på moglege løysingar, både i eige og andre departement.
Vestlandet sin jernbane
Bratland er på si side nøgd med å få eit møte med samferdslestatsråden, men er samstundes tydleg på at skal ein få realisert eit ”Vestlandets jernbane” langs kysten, må det gjerast i eit spleiselag. Han argumenterte òg med at det er ein manglande harmoni mellom den betydlege satsinga på jernbane som går føre seg i austlandsregionen, medan Vestlandet, som har liten togtransport, etter måten ser lite til dei nasjonale midlane. Denne harmonien kan bli betre om fleire nasjonale midlar kunne nyttast m.a. i eit felles ekspressbusstilbod langs Vestlandskysten.
For meir informasjon, kontakt:
Leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland, tlf 91 38 57 76
Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no