Natur, drama, kjærleik og død, men først og framst slit for det daglege brød. Strilane har lenge sett på sin eigen historie som eit gløymt og tilbakelagt kapittel. No skal nokre av forteljingane frå Sotra og Øygarden fram i lyset. Personlege historiar - ein for kvar dag i veka – skal kunna opplevast på dei stadane der forteljinga ein gong fann stad. Samtlege av fortaljarane har ei tilknyting til ”si” forteljing. Til saman er 10 – 15 personar involvert i prosjektet.
”Vestlandsforteljingar” er utarbeida av destinasjon Sotra og Øygarden, med økonomisk støtte frå Hordaland fylkeskommune.
Vil utvida konseptet
Tilbodet har overskrifta ”Vestlandsforteljingar”, trass i at samtlege av historiane kjem frå Sotra og Øygarden:
- Dette er berre starten. Under arbeidet har det dukka opp så mange gode forteljingar at vi har god tru på at det vil vera grunnlag for å utvida konseptet til andre stadar i fylket, fortel prosjektleia Line Steinsland i Gode Sirklar.
Bilettekst: - Erfaringane frå Sotra og Øygarden viser at det er grunnlag for å utvida storytelling-konseptet til andre stadar i fylket, sier prosjektleiar Line Steinsland i Gode Sirklar.
Ådnastova
Levekåra på øyane vest for Bergen har alltid vore knytta til havet. Havet er og den raude tråden i dei sju historiane publikum no har anledning til å oppleva.
Ådnastova var fiskarbonden sin heim. Frå huset vart bygd som årestova ein gong på 1500-talet og fram til og med forrige eigaren, var det sjø og fiske dei levde av, fortel noverande eigar Egil Sæle.
Den lavlofta lemstova har ei grunnflate på knappe 60 kvadratmeter og huste vanlegvis ein storfamilie med tre generasjonar. Til tider kunne dei vera 20 personar under same tak, medrekna tenestefolka.
Skyv saman uttrekksengene, og førestell deg at stova fungerte som arbeidsplass for dei vaksne: Her var vev, rokk og garnbøting, og småungane kraup rundt på golvet! På kveldane var huset samlingslokale for lekmannsrøyrsla i bygda.
130 lyngsortar
Før utskiftinga i 1863 utgjorde Ådnastova nordre delen av eit langhus på 30 meter. Den gongen budde det eit 100-tals personar på Nordre Sæle - om lag like mange som i dag. Fleire av dei gamle husa står likevel tomme storparten av året.
Etter forteljinga vil det vera mogeleg å sjå seg rundt i kysthagen til Egil Sæle. 130 lyngsortar gjer at dette truleg er den største lynghagen i landet.
Lokalhistorie
Tilbodet er først og framst meint for den lokale marknaden. Tidspunkta er lagt opp slik at publikum kan nytta regulære buss- og båtruter frå Bergen.
Bilettekst: Hernar har vore siste stopp før England for mange. Øya har hatt busetnad sidan før-kristen tid. No er det berre 12 fastbuande att. Hernar sin historie er tema for onsdags-forteljinga.
Dette er historiane du kan oppleva denne sommaren:
Måndag Ådnestova, Nordre Sæle – heimen til fiskarbonden
Tysdag Selstøbuene – frå notbu til hytteparadis
Onsdag Hernar – ein utpost til Nordsjøen
Torsdag Ovågen – tett på vågen
Fredag Cornelius – sjømatopplevingar på Holmen
Laurdag Glesvær – eit sildeeventyr
Søndag Russarfangane – krigsfanger til festningsarbeid
Les meir om Vestlandsforteljingane.