Opninga av Ringveg vest, den nye firefeltsvegen mellom Dolvik og Sandeide i Bergen, må utsetjast. Ved testing av styringssystema i samband med tryggleiksgodkjenning av Knappetunnelen vart det registrert feil. Feilsøkinga i styringssystema vert ikkje ferdi
– Vi beklagar utsetjinga. Krav til tryggleik har høgaste prioritet, og vi må vera sikre på at systemet for overvakning av tunnelen fungerer i ulike situasjonar som kan oppstå. Vi må bruka den tida vi treng til dette arbeidet. Opninga er derfor utsett, og ny dato vil koma når vi har eit meir stabilt system til å estimera ut frå, seier prosjektleiar Ottar Midtkandal.
vegvesen.no: Meir om utsetjinga
Fylkesveganlegg
Ringveg Vest er ein del av Bergensprogrammet og vert gjennomført i samarbeid mellom Statens vegvesen, Hordaland Fylkeskommune og Bergen kommune. Etter forvaltingsreforma 1.1.2010 er heile Ringveg vest no ein del av fylkesvegane som Hordaland fylkeskommune har ansvar for.