Skuffa over kraftlinjevedtak

- Kraftlinja Sima-Samnanger har vekt eit enormt engasjement hos innbyggjarane i Hardanger. Regjeringa burde ha vore meir lydhøre ovanfor innvendingane til dei som er sett til å forvalta naturressursane i dette sårbare området, seier fylkesordførar Torill

- Hordaland treng sikker krafttilførsel, men eg er skuffa over vedtaket, seier fylkesordføraren i Hordaland. Fylkespolitikarane i Hordaland har ved fleire høve kome med fråsegn der det klart kjem fram at dei hadde føretrekt kabling framfor det 90 kilometer lange luftspennet som no vil reisa seg gjennom Hardanger.

Prosessen fram mot dagens endelege regjeringsvedtak har vore lang. Styresmaktene har vore aktive i sine forsøk på å involvera innbyggjarane i prosessen. Likevel har dei valt å oversjå råda frå dei lokale ekspertane.

- Eit lite framtidsretta vedtak. Turisme er og vert hovudnæringa i Hardanger. Det lokale engasjementet mot kraftlinja har vore sterkt. Det har kome tydeleg fram at innbyggjarane fryktar at kraftlinja vil gå ut over både livskvalitet og levegrunnlag. Regjeringa burde difor ha vore meir lydhøre ovanfor innvendingane til dei som er sett til å forvalta desse viktige naturressursane. Sjølv hadde eg håpa på ei meir skånsam og framtidsretta løysing. Det hadde ein fått til om ein hadde valt sjøkabel eller eit trasealternativ lenger innpå fjellet i kombinasjon med å grava ned kabelen der naturen treng skånast. Granvin vil til dømes verta hardt råka, derfor vil kampen om eit betre alternativ fortsetja, seier Nyborg.

02.07.2010 14:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart