Rektorskifte i Hordaland

Ved seks vidaregåande skular i Hordaland har det vore rektorskifte det siste skuleåret. Avtroppande og påtroppande rektorar vart markert av Hordaland fylkeskommune under ei tilstelling i Villa Skjoldnes.

Nye rektorar i Hordaland: Bjørn Lyngedal, Stend vgs (f.v.), Venke Barrikmo, Voss husflidskule, Inger Lise Thorstensen, Olsvikåsen vgs, Kjersti Haugland, Austrheim vgs og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Bak: Øyvind Oddekalv, U. Pihl vgs og Sigrid Hiller, Askøy vgs.
Nye rektorar i Hordaland: Bjørn Lyngedal, Stend vgs (f.v.), Venke Barrikmo, Voss husflidskule, Inger Lise Thorstensen, Olsvikåsen vgs, Kjersti Haugland, Austrheim vgs og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld. Bak: Øyvind Oddekalv, U. Pihl vgs og Sigrid Hiller, Askøy vgs. (begge foto: Bjarte Brask Eriksen)

Opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld takka dei avtroppande rektorane for innsatsen og ønskte dei nye lukke til. Fylkesrådmann Paul M. Nilsen og nestleiar ved opplæringsavdelinga, Inger Tønder, deltok også under markeringa.

Dei påtroppande og avtroppande rektorane er:
Bjørn Lyngedal, nytilsett rektor ved Stend vidaregåande skule frå 1. august. Han etterfølgjer Tone Mosebø. Lyngedal kjem frå stillinga som assisterande rektor ved Bergen maritime videregående skole og maritime fagskole.

Venke Barrikmo, er rektor ved Rogne vidaregåande skule og får frå 1. august utvida stillinga si som rektor også ved Voss husflidsskule. Ho etterfølgjer Asbjørg Hesjedal.

Inger Lise Thorstensen, tilsett som rektor ved Olsvikåsen videregående skole frå 1. august i fjor. Ho var tidlegare assisterande rektor ved Slåtthaug videregående skole.

Kjersti Haugland, ny rektor frå 1. august ved Austrheim vidaregåande skule. Ho etterfølgjer Magnus Kvingedal. Haugland har det siste året vore seniorrådgjevar ved opplæringsavdelinga til Hordaland fylkeskommune med ansvar for særskilt tilrettelagt opplæring. Tidlegare var ho elevinspektør ved Austrheim vidaregåande skule.

Øyvind Oddekalv, ny rektor ved U. Pihl videregående skole frå 1. august. Han overtek etter Oddveig Sagen og kjem frå stillinga som avdelingsleiar/fagleiar ved same skule.

Sigrid Hiller, ny rektor frå 1. august ved Askøy videregående skole. Ho etterfølgjer Lillian Østensen. Hiller kjem frå stilling ved opplæringsavdelinga i Hordaland fylkeskommune der ho var seniorrådgjevar ved pedagogisk seksjon. Tidlegare var ho fagleiar ved Bjørgvin videregående skole.

Avtroppande rektorar: Tone Mosebø, Stend vgs (f.v.), Oddveig Sagen, U. Pihl vgs, Asbjørg Hesjedal, Voss husflidsskule, Lillian Østensen, Askøy vgs, Magnus Kvingedal, Austrheim vgs. og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.
Avtroppande rektorar: Tone Mosebø, Stend vgs (f.v.), Oddveig Sagen, U. Pihl vgs, Asbjørg Hesjedal, Voss husflidsskule, Lillian Østensen, Askøy vgs, Magnus Kvingedal, Austrheim vgs. og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld.

Bjarte Brask Eriksen 09.07.2010 11:49
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart