Partnarskapsmidlar
Dei tre kommunane får støtte frå Partnarskap i kommune- og tettstadsplanlegging, som Regionalavdelinga fordelar til prosjekt der både kommunane og regionalt nivå er involvert i kommunal planlegging.
Regionens hus
Fjell kommune har blitt inspirert av Statens hus i Bergen (biletet), og ynskjer å etablere eit regionens
hus på Straume. Huset skal samlokalisere ulike regionale tenester på ein stad for å gjera dei regionale funksjonane meir synlege og lettare å nå for innbyggjarane.
(Foto: Fylkesmannen i Hordaland)
Plansjef i Hordaland Fylkeskommune, Marit Rødseth, synest prosjekta er spennande.
- Ideen til Fjell om å etablere Regionens hus viser at kommunen vurderar korleis Straume kan fylle funksjonane som eit regionsenter, seier Rødseth.
Stadanalysar
I Øygarden og på Fedje vil kommunane gjennomføre stadanalysar som grunnlag i kommuneplan og kommunedelplan, og for å utvikle betre og meir attraktive
tettstader for innbyggjarane.
- Stadanalysen skal identifisere særtrekka og dei spesielle kvalitetane på staden og vera med å auka kunnskapen om Rong, står det i søknaden frå Øygarden.
Foto: Rongøy. Illustrasjon til kommunedelplan.

Marit Rødseth meiner det er viktig at Fedje og Øygarden gjennomfører stadanalysar.
- Øygarden kommune har kome meir på banen når det gjeld planlegging, og det er veldig bra. Fedje (biletet til høgre) er alltid spennande – det er ei øy, ein tettstad og ein kommune med mykje kulturminne. Då er det veldig viktig med gode analysar som grunnlag for planlegginga, seier Rødseth.
(Foto: Ann Steindal)
Oppmodar kommunar til å søke
Sjølv om årets midlar er fordelt blir kommunane oppmoda til å søke dersom dei har prosjekt knytt til planlegging. Det kan til dømes vera prosjekt som tettstadanalysar, utgreiingar og idéstudiar på kommune- og kommunedelplannivå.
Rødseth seier at søknadar som kan støttar oppunder fylkesplanens prioriteringar er særleg relevant.
- Til neste år vil næringsutvikling vera eit regionalt satsingstema, og analysar knytt til næring vil derfor vera interessant for oss å støtte.
Planlegging av kulturminne og grønstruktur er òg spennande tema som fylkeskommunen ynskjer å støtte
- Kulturminneplanlegging er eit veldig viktig tema som vi ikkje har gitt tilskot til endå. Grønstrukturplanlegging er eit nytt tema i planlova som det vil vera spennande om kommunane satsar på, seier Rødseth, som vonar det kjem mange gode søknader til neste år òg.
Les meir om tilskotsordninga: Partnarskap i kommune- og tettstadplanlegging