Motivasjon for matematikk

50 ungdomar - over halvparten av deltakarane på sommarskulen som Hordaland fylkeskommune no arrangerer - har valt å nytta dei to sommarvekene til eit djupdykk i matematikk. Det vert og tilbydd intensive kurs i norsk, engelsk og naturfag.


Lærar Dagrun Daltveit Slettebø forklarar matematikken sin logikk for Christoffer Aarsnes.

Matematikk er viktig. Du kjem ingen veg i yrkeslivet utan eksamenspapir som viser at du har grunnleggjande kunnskapar i faget. Det gjeld anten du skal verta ingeniør eller om du skal ta fagbrev. Denne erkjenninga er motivasjonen som driv dei 50 ungdomane som i løpet av ni intense dagar skal gjennomgå eit undervisningsopplegg i matematikk tilsvarande heile pensum første året på vidaregåande.

Tiltak mot fråfall

Sommarskulen er eitt av tiltaka i Hordaland fylkeskommune sin Handlingsplan mot fråfall som vart vedteken i fylkestinget no i vår.

- Matematikk er bøygen for svært mange av dei som dett ut av vidaregåane.  Ein del av dei har slite med faget sidan tidleg på ungdomsskulen, seier John Ivar Solvik, tidlegare rektor, no leksehjelpar ved Askøy vidaregåande.

I sommar er Solvik ein av 20 frivillige som skal sjå til at flest mogeleg av deltakarane på sommarskulen når dei personlege måla sine om å ta opp att eksamen, få bestått på vitnemålet, eller å forbetra karakteren. 

Bestått eksamen på sommarskulen tel som ein ordinær eksamen, og vert oppgjeven på vitnemålet for vidaregåande skule.

Motiverte deltakarar


- Det er ei utfordring å læra elevar som ikkje likar matematikk til å lika faget i løpet av to veker, seier pensjonert rektor, no leksehjelp John Ivar Solvik ved Askøy vidaregåande skule. 

På sommarskulen får elevane ikkje berre tilbod om undervisning i faget, dei får og langt tettare oppfølging enn det som er vanleg i ein klasseromsituasjon. Innsatsen vert retta mot dei svakaste som treng det mest: Dei som har strøke i matte på yrkesfag, og som er avhengig av bestått på vitnemålet for å få avleggja fagprøven.

- Målsetjinga er at vi skal lære dei som ikkje likar matte i utgangspunktet å lika faget i løpet av dei 14 dagane dei er her, smiler Solvik.

- Elevane er veldig motiverte. Det er største skilnaden samanlikna med vanlege klassar, seier lærar Dagrun Daltveit Slettebø.

Litt  hjelper det også på motivasjonen at målet ligg berre to veker fram i tid, antydar Solvik. 

Samarbeid med Raudekrossen

Sommarskulen er resultatet av eit unikt samarbeid mellom Hordland fylkeskommune og Raudekrossen.  Fylkeskommunen er ansvarleg for undervisninga, det pedagogiske innhaldet og sørgjer for avsluttande eksamen for dei som ønskjer å avlegga eksamen. Raudekrossen stiller med leksehjelpar, kjøkenpersonale og organiserer det heile. Felles frukost og lunsj inngår i opplegget.

Bjørghild Mikalsen er prosjektleiar frå Raudekrossen. Ho koordinerar lærarar, leksehjelpar og det fire kvinne sterke kjøken-teamet som lagar frukost og lunsj til samtlege deltakarar. Som om det ikkje er nok, har ho tre av elevane buande heime hos seg i den tida sommarskulen pågår:

- Eg er vant til ein slik livsstil og likar å ha huset fullt av folk. Dessutan likar eg å organisera ting og få det til å fungera. Folk trivest, rekk Mikalsen å konstatera innimellom alle dei innkomande telefonane.

 

Liv Strømme 01.07.2010 08:37
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart