
Inge Alver i blomeprakt saman med to elevar ved foten av Kaukasusfjella. Bakgrunnen var den årlege innsamlinga til Normisjons arbeid i Aserbajdsjan og barneheimane deira. Resultatet frå rause strilar vart ein sjekk på nærare ein kvart million kroner. (foto: Tormod Valaker)
– Det gjekk eit fæla torever over heile Nordhordland og lamma store delar av straumnettet. Det vart datatrøbbel i massevis, og då vi kom i gang att, gjekk det seint. Difor skryt eg gjerne av alle, ikkje minst sekretærane våre som tok både kvelds- og bortimot nattskift. Då var belastninga mindre på linene, seier Alver.
5329 einskildkarakterar
– Det stemmer at karakterane på Knarvik er gode. Dei har flest karakterar i fylket, 5329 einskildkarakterar, og dei har totalt eit snitt på 4.08 i standpunkt. Det er inne på ti-på-topp. Eksamen ligg på 3,66. Det er mindre ned enn vanleg. Skulen har få sluttarar, og fråvereoversikta syner at skulen ligg klårt lågare enn normalt. Alver og staben hans kan trygt ta ferie no, seier tallknusaren Svein Kirkevik på Opplæringsavdelinga.
– Kvifor er strilane betre enn oss vanlege byfolk ute i utmarka i Knarvik?
– Misforståing, vi ligg midt i smørauget både for strilar og byfolket, påstår lokalpatrioten Alver. – Vi har om lag 200 elevar frå heile Bergens-regionen i Knarvik, som var utmark, men det var for 50 år sidan. No har vi eit blomstrande og sterkt nærmiljø og flinke elevar. Vi har mange gode einskildresultat, og studiespesialisering, elektro, design og TIP’en har mykje å vise fram på årets karakterrekkjer, seier Alver.
Det gode læringsarbeidet
– Kva er bakgrunnen?
– Det systematiske og langsiktige arbeidet i klasserom, laboratorium og verkstader. Det gir oss igjen fulle klassar med primærsøkjarar. På studiespesialisering, TIP, bygg og alt som har med TAF å gjere, kunne vi tatt opp fleire klassar med primærsøkjarar. Gode lærarkrefter og eit godt læringsarbeid ligg bak. Lærarane motiverer elevane for læringsarbeidet og er flinke til å innpode elevane at ingen kan segle gjennom vidaragåande utan innsats, seier Alver.