Inntaket til dei vidaregåande skulane i Hordaland er no klart. Gå inn på vigo.no og sjå kvar du har fått plass. Hugs å gje svar innan 27. juli.
Første inntaksomgang til dei vidaregåande skolane i Hordaland er ferdig.
- Gå inn på vigo.no og sjå inntaksresultatet og svar ja eller nei til plass/ventelisteplass.
- Dersom du har nytta MinId ved søknadsregistering på vigo.no, treng du ikkje nye kodar.
- Hugs at du får passord på mobiltelefonen din når du prøver å logge deg inn på vigo.no.
- Dersom du ikkje har brukt MinId tidlegare, må du tinge kodar på telefon 800 30 300.
- Inntakskontoret har ikkje tilgang til kodar for pålogging, så du må gjennom MinId.
Svarfrist 1. inntaksomgang: 27. juli klokka 23.59 når du svarar elektronisk på vigo.no. Du kan også endre svaret ditt innan same frist dersom du ombestemmer deg.
2. inntaksomgang er 3. august. Det skjer ikkje endringar på ventelistene mellom inntaksomgangane.
OBS. Søkjarar som har fullføringsrett til Vg2 og Vg3 kan ikkje sjå inntaksresultatet før måndag 12. juli.
Kontaktinformasjon: e-post: inntak@post.hfk.no eller telefon 55 23 94 60.
Lenkje: www.vigo.no