Hurtigruta er viktig for Vestlandet – men kvifor ikkje gassdrevne hurtigruter, Meltveit Kleppa?

Hurtigruta frå Bergen til Kirkenes er kysten sin jernbane. Eit stabilt, konkurransedyktig og føreseibart tilbod for godstrafikk, lokale reisande og reiseliv. Difor bør dagens frekvens og anløpsmønster oppretthaldast, oppfordrar leiar i Vestlandsrådet, Ola

Hurtigruta har i dag dageleg stopp i 34 hamner på strekkja Bergen –Kirkenes. Under utlysinga av anbodet for kystruta dei komande åtte åra opnar samferdselminister Magnhild Meltveit Kleppa for å redusera på frekvens og talet på anløpshavnar, om kostnaden tilseier det.

 

Olav Bratland, leiar i Vestlandsrådet, vil gjerne overbevisa samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa om verdien av ei miljøvenleg, gassdriven Hurtigrute med dagens frekvens og anløpshavnar. (Foto: Trond Ueland).

Ekspressgodstransport

- Hurtigruta utfører ein svært viktig transportfunksjon for Vestlandet og for Kyst-Norge. Hurtigruta er minst like viktig for innbyggjarane i Vestlandsfylka som for dei som bur i Nord-Norge. Vi oppfordrar difor samferdsledepartementet om å oppretthalda dagens frekvens og anløpsmønster, seier leiar Olav Bratland i Vestlandsrådet.

Godstrafikken frå Bergen og nordover er betydeleg, tilsvarande 24.000 trailerar årleg. Omfanget av returlast er noko mindre. Svært mykje av lasta er ferskvarer. Samanlikna med andre sjøgåande alternativ, vert Hurtigruta omtala som ”ekspressgodsruta”.

Styrk miljøprofilen

- Å finna alternativ, kostnadseffektiv og like miljøvenleg transport for denne varetypen er vanskeleg, understrekar Bratland. 

Sambandet vert i dag trafikkert av moderne båtar med relativt låge utslepp av klimagassar som NOx og CO2. Miljøprofilen bør styrkast ytterlegare i den komande avtaleperioden. Vestlandsrådet ønskjer ei utvikling av nye, hurtiggåande fartøy med lågutsleppsteknologi. Overgang til gassdrivne fartøy basert på flytande naturgass (LNG), vil kunna redusera utsleppa av forureinande stoff vesentleg, og gjera eit av Norges mest attraktive turisttilbod til verdas reinaste sjøreise.

Lokale reisande

Kystruta er ikkje berre for turistar på rundreise. Reisa frå Bergen og nordover vert rekna som kysten sitt svar på ”Nattoget”, og er mykje nytta av næringslivet. 400.000 av dei nærare 500.000 passasjerane i 2007 reiste berre ein del av strekninga.

Berre transport av gods- og distansepassasjerar er omfatta av Staten si avtale. Hurtigruta sin funksjon som fyrtårn for turistar til Kyst-Norge vert halden utanfor.

- Hurtigruta bør sjåast ikkje berre som eit transportmiddel, men og som ein del av kystkulturen som bidreg til den felles identitetskjensla i denne delen av Distrikts-Norge, seier Bratland. 

For meir informasjon, kontakt leiar i Vestlandsrådet, Olav Bratland, tlf 91 38 57 76 eller sekretariatleiar Trond Ueland, tlf 91 33 74 10, trond.ueland@sfj.no

Liv Strømme 02.07.2010 09:14
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart