Har snudd flyttestraumen tilbake mot Hardanger

Tenk deg livsstilsreklame på bilradioen om det avslappa tilværet i Hardanger når du sjølv står og stangar i rushtrafikk i Bergen eller Oslo. Prosjektet ”Flytt til Hardanger” har gripe til svært så illustrerande og treffsikre verkemiddel for å snu den nega

”Flytt til Hardanger” er eit samarbeidstiltak mellom Hordaland Fylkeskommune og dei sju kommunane Kvam, Granvin, Ulvik, Eidfjord, Ullensvang, Odda og Jondal.

Varslingsscenario

"Flytt til Hardanger" er eitt av fleire tiltak i kjølvatn av scenarieprosjektet "Hardanger 2030". Får dagens sentralisering halda fram, vil det verta 1500 færre hardingar i 2025 enn i 2007, ifølgje ei framskriving av folketalet. Utan aktive motkrefter, kan reduksjonen i folketalet verta enno større.

Omstillingsmidlar

Fylkeskommunen har finansiert det treårige prosjektet gjennom tildeling av omstillingsmidlar frå regionalt utviklingsprogram.

Netto tilflytting

Prosjektet har klart å snu den negative folketalsutviklinga i indre delen av Hordaland, viser sluttrapporten frå prosjektet som vart avslutta i mai. I fjor hadde Hardanger for første gang på mange år ein netto vekst i folketalet. Den positive utviklinga skaut for alvor fart på slutten av fjoråret. Auken i folketalet på 100 personar i 2009 var resultatet av omfattande innsats på åtte delområde.

Frir til tilflyttarar

Det er tilflyttarane som skal sørga for folkeveksten i Hardanger-kommunane dei komande åra. Fødselsunderskotet bidreg framleis med negative tal i innbyggjarrekneskapen. Det er dei målretta rekrutteringskampanjane henvendt mot utflytta hardingar, og mot sokalla ”livsstilsflyttarar” frå tettbygde Nederland, Belgia og Tyskland som har gjeve resultat, fortel Leiv Vambheim, prosjektansvarleg og dagleg leiar i Hardangerrådet IKS.

Hus og jobb

Når avgjesla om flytting skal takast, er det ikkje overraskande, hus og jobb som står øverst på priorieringslista.

Tilflyttarane vil vita kvar dei skal bu, før dei pakkar flyttelasset. Helst vil dei ha fleire bustadar å velja mellom. Mange hus i regionen stå tomme storparten av året, i påvente av sommargjestar som vil oppsøkja røtene sine. Å skaffa bustad til tilflyttarane har likevel vist seg å vera ei stor utfordring.

Forventar attraktive bustadar

- Kommunar som har arbeidd aktivt for å skaffa attraktive bustadar og tomtar kan visa til betre utbyte av kampanjen, seier prosjektansvarleg.

Eindel av tilflyttarane har frie yrke og har teke arbeidsplassen med på flyttelasset. Handverkarar og fagarbeidarar har i stor grad klart å få innpass på den lokale arbeidsmarknaden. Tilbod om ein spanande arbeidsplass likevel vore det avgjerande argumentet for mange. 

Storparten av dei som har kome hit har funne seg til rette. Berre ti prosent av tilflyttarane har valt å senda flyttelasset i retur.

Ulik innsats

- Største utfordringa har vore skilnadane i engasjement i dei sju medlemskommunane. Nokre har arbeidd aktivt, lagt ned store ressursar og kan visa til gode resultat. Andre kommunar har vore for opptekne med andre oppgåver og har difor fått lite utbyte av fellesinnsatsen, seier Vambheim.

Prosjektet har hatt åtte ulike undergrupper: Kommunane som vertskap, placement, databasegruppe for informasjon, marknadsføring av Hardanger som merkjevare, Hardangerlokk, næringslivsgruppe, grunnskulegruppe og fylkesgruppe.

- Kombinasjonen av engasjement på dei ulike områda har gjeve utslag, trur Vambheim.

Utvida arbeidsmarknad

Når Hardangerbrua og Jondalstunnelen står ferdig i 2013, vil mange mindre, lokale arbeidsmarknadar verta slegne saman til nokre få større, med inntil ein halvtimes pendlaravstand.

- Betre kommunikasjonar vil gjera Hardanger enno meir attraktiv som følgje av ein utvida arbeidsmarknad. Denne situasjonen ønskjer vi å førebu best mogeleg, seier Vambheim.

Forlenga prosjektperiode

Hardangerrådet ønskjer no å forlenga prosjektperioden med ytterlegare fem til sju år, og har fått 425.000 kroner i tilskot frå fylkeskommunen for å førebu ein ny prosjektsøknad:

- Å få folk til å flytta på seg er ein langsiktig prosess som må koordinerast med viktige hendingar i livet, som td. når ungane skal byrja på skulen. Typisk tek det to – tre år frå ein familie byrjar å tenkja på å flytta og til dei gjer alvor av det. Slik sett har prosjektperioden på tre år vore i kortaste laget, seier Vambheim.

For at samtlege Hardangerkommunar skal få utbyte av ein ny prosjektperiode, tilrår styringsgruppa at kommunane forpliktar seg til å setja av ressursar tilsvarande minst 40 prosent av eit årsverk.

- Vi ser det er konkurranse om tilflyttarane. Slik prosjekt er oppretta i mange regionar, så her gjeld det å vera flinkast i klassen. Dei som sit passiv tapar i alle fall, seier Vambheim.

Folketalsutvikling Hardanger

2007

2009

Innflytta

831

919

Utflytta

865

739

Netto tilflytting

- 34

180

Fødselsunderskot

-70

-79

Folketalsvekst          

-104

100

 

Liv Strømme 21.07.2010 13:22
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart