Glede over rassikring

Glede, lette og ros for godt utført jobb. Det er inntrykket som festa seg då fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg klipte snora som markerte at rassikringa på rv. 13 Bu-Brimnes no er på plass.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg klipte snora. Fungerande regionvegsjef Kjartan Hove assisterte. Foto: Geir Brekke, Statens vegvesen.

- Det kjennest godt å stå her og skulle opne eit rassikringsprosjekt på vegnettet i indre Hardanger. Rassikring gjev tryggare skuleveg og pendlarrute. Med ein forventa auke i trafikken når Hardangerbrua opnar om tre år, kjem denne rassikringa ekstra godt med. Det å  redusere på redselen og faren med å ferdast på vegane her inne, til ulike tider, har vore ei viktig sak i fylkespolitiske organ, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i helsingstalen.

Fylkesordførar i Hordaland utførte den formelle handlinga med assistanse av avdelingsdirektør Kjartan Hove i Statens vegvesen. Hove fungerte som regionvegsjef denne siste juni-dagen.

Første byggjesteg

I dette anlegget er det ikkje berre tryggleiken som har stått i fokus. Mange har merka seg dei fine natursteinsmurane på nyanlegget,

Det står att å få på plass den siste rassikringa i Bugjelet og utbetringa av vegen fram mot Buplatået til Hardangerbrua opnar i 2013.

- Andre byggjesteg med rassikringa i Bugjelet må koma på plass, seinast i statsbudsjettet for 2012, oppfordra Torill Selsvold Nyborg.

Kjartan Hove takka entreprørane for godt utført arbeid. Det var eit ekstra poeng at lokale krefter har hatt hovudansvaret for vegprosjektet til kring 120 millionar kroner. 

Lokal finansiering

Lokale krefter har og bidrege med finansiering. Eidfjord kommune har bidrege til realiseringa av nyanlegget med eit lån på 30 millionar kroner.

Kommunen baud inn til lunsj etter opninga. Her takka fungerande prosjektleiar Bente Johnsen Aase i Statens vegvesen alle som har teke del i prosjektarbeidet. Ikkje minst takka ho tålsame grannar og trafikantar for at dei har halde ut gjennom over to års byggjetid utan klagar.

Liv Strømme 01.07.2010 12:08
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart