Fekk skuletilbod på internett

17.418 elevar fekk 8. juli tilbod om plass i dei vidaregåande skulane i Hordaland. Dei aller fleste fekk tilbodet på internett etter å ha motteke tekstmelding om at inntaket var ferdig. Frist for å gje svar er 27. juli.

18.000 tekstmeldingar
Totalt har 19.298 elevar søkt plass i dei vidaregåande skulane i fylket. Etter at første inntaksomgang er gjennomført, fekk 18.309 ungdommar tekstmelding om at resultatet ligg ute på vigo.no. 99 elevar har fått brev om resultatet  Søkjarane svarar om dei tek imot plass eller ikkje på vigo.no, og det fører til at svært mange søkjarar registrerer svaret sitt etter svært kort tid.

139 nye elevplassar
I byrjinga av juli vart det oppretta 139 nye elevplassar, særleg innanfor vg1 kurs i Bergensområdet.  Det har også blitt gjort mindre justeringar i elevtalet ved ein del skolar, noko som gjer at det totalt sett er oppretta ca. 200 nye elevplassar i juli.  Auken i elevplassar gjer at alle med formell rett til vidaregåande skole, vil få tilbod om dette før, eller like etter skolestart.

998 utan skuletilbod
Det er framleis 998 søkjarar med formell opplæringsrett (ungdomsrett) som ikkje har fått skuletilbod.  Svært mange av desse har berre ført opp eit skule-/kursønskje.  Når karakterpoengsummen i tillegg er låg, kan det for mange vere vanskeleg å få tilbod på det kurset eller den skulen som er det einaste som er søkt.  Etter opplæringslova har alle krav på å få eit tilbod på eitt av tre utdanningsprogram ved utgangen av ungdomsskulen, eller tilbod om plass på eit vg2 kurs som vg1 kurset gir kompetanse til i den vidaregåande skulen.

Høge poenggrenser
Poenggrensene til skulane varierer mykje.  Det er framleis høge poenggrenser for inntak til vg1 studiespesialiserande utdanningsprogram ved Bergen handelsgymnasium og Bergen katedralskole.  Tett etter kjem ein av dei eldste skulane i Hordaland, Tanks videregående skole saman med den nyaste, Nordahl Grieg videregående skole. Det er også generelt høge poengsummar for inntak til vg1 media og kommunikasjon, særleg på ein del av skulane i Bergen.

Flest vil til Knarvik
Også utanfor Bergen er det mange skular som har høge poenggrenser for inntak, og svært godt søkjargrunnlag til dei fleste kursa.  Særleg gjeld dette Knarvik vidaregåande skule, som faktisk har det høgaste søkjartalet av alle skular i Hordaland.  Sunnhordland har også godt søkjargrunnlag til dei fleste tilboda, og her er det også, for første gong, oppretta eigne tilbod for minoritetspråklege elevar.

Vil til nærskule
Skulane i Ytre- og Indre Hardanger har rimeleg godt søkjargrunnlag, når ein også veit at talet på ungdommar i desse regionane går ned.  Det er likevel slik at ungdommane stor sett søkjer sin nærskule til  vg1 og vg2, så får dei litt meir hug til å søkje seg til Bergen til det siste året.

Byttedagar i august
For dei som framleis ikkje er heilt nøgde med skule-/kurstilbodet dei har fått, er det framleis god von om å få tilbod om plass på høgare prioriterte ønskje.  Hordaland har, som eitt av få fylke i landet, heile tre maskinelle inntaksomgangar. Dei to neste blir  3. og 13. august.  Så er det tilbodet som Hordaland er åleine om i Noreg; fordeling av ledige plassar i den vidaregåande skulen etter skulestart.  Eit tilbod som svært mange nyttar seg av, og som framleis blir kalla ”byttedagen” blant elevar og foreldre.  Fordeling av dei ledige plassane etter skulestart vil i å vere 23. og 26.august.  Nærare informasjon vil bli lagt ut på hordaland.no medio august.

09.07.2010 11:59
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart