
Taubåten Vulcanus skal også vera bukserbåt- dytta skip utan baug- og sidepropellar inn til kai. Her er det veteranbåten Oster som får assistanse i frisk nordavind på Vågen. (foto: Harald Sætre)
Slepebåtane har ei 150 år lang historie bak seg i fylket. Dei var viktige ”arbeidsgampar” når små og store skip skulle inn og ut av Bergen hamn. Dei var mange, og dei fantes i alle storleikar. Vulcanus er ein av to taubåtar i Hordaland som har vernestatus. Den andre heiter Poseidon og er heimehøyrande i Sund.
Eigarlaget Vulcanus Taubåtkompani fekk i vår tildelt 200.000 kroner i fartøyvernmidlar frå kultur-og ressursutvalet i Hordaland. Slepebåten var dermed det av dei elleve verneverdige skipa som fekk støtte som kunne stikka av med største einskildtildelinga frå den fylkeskommunale posten.
Billigare og betre kulturminnevern
- Vulcanus er eit fartøy som passer godt i vernestrategien som Hordaland fylkeskommune har gitt uttrykk for både i vedtak og brev. I staden for å overta kondemnerte skip og driva med kunstig gjennoppliving, tek ein her over eit fartøy med nytt ”helsesertifikat”. På denne måten får vi både eit billigare og betre kulturminnevern, seier Stein Ottosen på kulturavdelinga i Hordaland fylkeskommune.
Bilferja Skånevik, som fekk tildelt 50.000 kroner i same søknadsrunden, er eit anna døme på vern av ein relativt moderne bruksbåt i operativ drift.
Sentral i hamnebiletet
Som del av Det Bergenske Dampskipsselskap (BDS) sin flåte var slepe- og bukserbåten Vulcanus ein kjend og sentral del av hamnebiletet i Bergen gjennom heile 60- og 70-talet. Taubåten har ei trekkraft på 16 tonn og var noko av det mest moderne i sitt slag då han vart levert frå Bolsønes Verft i Molde våren 1959. Å buksera englandsbåten til og frå kai var eit av dei faste oppdraga.
Vulcanus har hatt Bergen som base gjennom heile sin 50-årige historie. På CV-en til slepebåten finn vi likevel historiske oppdrag utanbys, til dømes når Reksten sine nybygde supertankarar var klare til å forlata Stord Verft tidleg på 1970-talet.
Taubåten representerer samstundes siste kapittel i BDS sin historie. Taubåten er siste attverande, verneverdige skipet i det eingong så stolte bergens-rederiet.
Oppdrag på ein times varsel
Moderne skip utrusta med baug- og sidepropellar klarer finmanøvrera til og frå kai for eigen maskin, og har lagt på veg gjort den tradisjonelle hamneslepebåten overflødig. Framleis hender det likevel at Vulcanus får tilbod om eit og anna oppdrag. Målet til eigarlaget Vulcanus Taubåtkompani er å ha båten klar til oppdrag på ein times varsel, fortel leiar Egil Sunde.
Håpet er at oppdraga skal kunna bidra positivt til driftsrekneskapen. Båten brukar 100 liter diesel i timen. Berre det å oppretthalda sertifikat og klassing kostar 100.000 kroner årleg.
Ei flott dame

Vulcanus har mange originale deltajar og er i overraskande bra stand, sine 50 år til trass. Leiar Egil Sunde i eigarlaget Vulcanus Taubåtkompani er tydeleg stolt over den vakre og velhaldne "dama". (foto: Liv Strømme)
Taubåtkompaniet vart stifta for å hindra at båten vart seld vekk frå fylket. Ein rask inspeksjonsrunde om bord viser oss at dei har fått kjøpa ei ship shape skute. Mykje originale detaljar, både i salong, bysse, lugarar og mannskapsrom. Overraskande bra stand, med lite slitasje og lite skit. Men så har då også båten hatt same kaptein i over 40 år. Ein ordensmann av den gamle skulen, tydelegvis. Framleis er han med som skippar om bord når Vulcanus legg frå kai. Maskinisten kan og visa til mange års fartstid om bord.
Taubåteigaren er ikkje så lite stolt over skuta, eller ”dama”, som han konsekvent kallar henne:
- Sjå dei linjene. For ein estetikk, sukkar han.