MS Fjord Express er navlestrengen for dei 12 fastbuande på Hernar. Tre gongar dagleg stikk hurtigbåten ut frå kaien på Hellesøy heilt nord i Øygarden i retning øya med passasjerar, post og varer.
Opent hav
Turen over fjorden tek knappe 15 minutt over opent hav. Det er sjeldan havflata ligg like roleg som då eg tok turen.
Båtsambandet er ein arv frå Rutesambandet Sotra & Øygarden. Når ho vart oppretta, eller kor tid fylkeskommunen overtok ansvaret, er ikkje så lett å finna ut av:
- Båtruta er eitt av få attverande båtsamband til isolerte småsamfunn i Hordaland. Fylkeskommunen ser samferdsletilbodet som viktig for å oppretthalda busetnaden på staden, fortel fungerande samferdslesjef Rolf Rosenlund.
Sommargjestar
Slik det er no, utgjer sommargjestane ein stadig større del av passasjergrunnlaget. Denne solglitrande julidagen er det heile 18 passasjerar om bord på veg mot ferieeventyret som ventar på Hernar, Lyngøy, Nordøy, Sanden eller Sulo. Dørken er dekka av bagasje. På akterdekket står kjølebaggar, ryggsekkar og bruskassar.
Hernar er ei ukjend kystperle - reinaste Sørlandsidyllen - ein times reise nordvest for Bergen. Ideell for dei som ønskjer å oppleva fredelege stadar utanfor turiststraumen. Destinasjon Sotra og Øygarden, i samarbeid med Hordaland fylkeskommune, arbeider for å få på plass tilbod som kan bidra til å auka talet på besøkjande.
Hernar – utpost til Nordsjøen, er ei av Vestlandsforteljingane du kan oppleva kvar onsdag i tida 1. august til 18. september.
Det vert og arbeidd for å få på plass ei samanhangande båtrute Hellesøy – Hernar – Fedje, særleg med tanke på rundreisepassasjerar.

Skule til sals
Øysamfunnet ytterst i Fedjeosen var ein gong priviligert handels- og gjestgjevarstad med alle tilhøyrande funksjonar og mange tenestefolk og husmenn. Så seint som under 2. verdskrigen spela Hernar ei sentral rolle i samband med Englandsfarten. Lyngøy vart fråflytta for få år sidan. Hernar er den einaste av øyane der det framleis bur fastbuande, men også her spøkjer fråflyttinga.
Vera Lill Sanden er ein institusjon på Hernar og truleg den einskildpersonen som framfor nokon annan bidreg til å oppretthalda busetnaden. Ho kom hit i 1980 og har seinare hatt ansvar for butikken, med tipping og postutdeling.
Skulehuset er til sals. Treåringen Sofie er einaste ungen på øya. Andre ungar treff ho i barnehagen på Hellesøy tre dagar i veka – når veret tillet det.
Eitt av fem båtsamband
Båtsamband til veglause småsamfunn i fylket var langt vanlegare før. No har øyane anten fått veg, eller dei er fråflytta. Hordaland fylkeskommune opprettheld framleis båtsambandet til desse øysamfunna: Espevær (Bømlo), Geitanger (Fjell), Padøy i Osterfjorden (Lindås) og Fyksesundet (Kvam).