Årsnes ferjekai opna

Ei ferjereis er eit friminutt for sjela. Med opninga av Årsnes ferjekai er eitt av friminutta over Hardangerfjorden blitt kortare – vonaleg til glede for både kvinnheringar og andre reisande. Det var fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som føretok den o


Den nye ferjekaien på Årsnes vil få ein viktig funksjon for samhandlinga i Hardanger og Sunnhordland. Anlegget vart opna av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, ordførar Synnøve Solbakken i Kvinnherad kommune og avdelingsdirektør Olav Finne i Statens vegvesen. (Foto: Geir Magnus Nyborg). 

Gode kommunikasjonar er særskilt viktig for kvinnheringane. Topografien i Kvinnherad er krevjande – mellom anna med omsyn til kommunikasjonane som må til for å binde innbyggjarane i kommunen saman. Ikkje minst er gode kommunikasjonar viktig for å binde innbyggjarane og kommunen til regionen elles, sa fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg då ho klipte snora som markerte at Årsnes ferjekai no er klar til å takast i bruk.

Avløyser Løfallstrand

Ferjekaien på Årsnes avløyser det gamle kaianlegget på Løfallstrand. Første del av anlegget består av 640 meter veg med oppstillingsplass for 250 bilar, parkeringsplass, servicebygg, bussfelt med busstopp og drosjehaldeplass. Det er og anlagt 200 meter ny veg i retning Odda.

Oppstillingsplass for 250 bilar. (Foto: Statens vegvesen).

Samstundes vert det mogeleg å setja inn ei større og raskare ferje på sambandet mellom Årsnes og Gjermundshamn.

Kostnadane for heile anlegget er stipulert til 80 millionar kroner. Staten har løyvd 20 millionar. 40 millionar vil verta dekka gjennom etterskotsvis innkrevjing av bompengar. Hordaland fylkeskommune vil stå for restfinansieringa.

Friminutt for sjela

Ferjekaien betyr betre kapasitet og kortare reisetid. Med auka kapasitet på kaien lettar ein presset på avkjørselen frå fylkesvegen og sikrar betre framkomst for dei som ikkje skal ta ferja.

- Med den befolkningsstrukturen vi har her på Vestlandet spelar ferjesambanda framleis ei viktig rolle. Og det skal vi vere glade for – ferjereisa har nokre særskilte kvalitetar som ikkje kan erstattast av fastlandssamband. Ei ferjereise er eit friminutt for sjela, sa Nyborg og siterte Vestslanspoeten Ragnar Hovland.

Ringverknadar

I transportsamanheng vil opninga av Årsnes ferjekai ha viktige verknader på fleire nivå. I eit lokalt perspektiv bind eit ferjesamband med større kapasitet innbyggjarane i Kvinnherad saman og minskar avstandsulempene fjorden fører med seg. 

- Prosjektet er også viktig for å betre kommunikasjonane på regionalt nivå. Fylkesveg 48, som ferjesambandet er del av, er ein viktig gjennomgåande veg for kommunikasjonen nord-sør i regionen og ikkje minst mot Bergensområdet. Dette er eit av fleire viktige vegprosjekt dei seinare åra som vil bidra til å gje kvinnheringane betre kommunikasjon mot Bergensregionen, sa Nyborg.

-  Eg vil og trekkje fram at den nye ferjekaien vil bidra til å betre kommunikasjonen aust-vest over Haukeli. På denne måten legg dette prosjektet og til rette for verknader ut over det regionale perspektivet, sa fylkesordføraren. 

Binda regionen til Kvinnherad

- Kvinnherad og Hardangerregionen kan by på mykje av det beste av norsk natur. Derfor handlar tilrettelegging av gode kommunikasjonar ikkje berre om å binde Kvinnherad til regionen, men også om å binde regionen til Kvinnherad, avslutta fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg helsinga si.

Årsnes ferjekai - opning 1. juli. 

Liv Strømme 02.07.2010 10:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart