- Stoltenberg må unngå internasjonal miljøskandale

– Statsminister Jens Stoltenberg bør sjå på kraftlinesaka på ny. I det minste bør han sjølv koma til Hardanger og forklara kvifor det er nødvendig for regjeringa å stå på ein konklusjon som kan utvikla seg til ein internasjonal miljøskandale. Krafta i mot

Dette seier fylkesordførar i Hordaland Torill Selsvold Nyborg i Hordaland. Ho har aldri sett ein så intens reaksjon som i denne saka, og det midt i fellesferien. Reaksjonane går både på den politiske og faglege grunngjevinga for kraftlina frå Sima til Samnanger. Vi treng ei ny og uavhengig vurdering av alternativa i saka, seier Nyborg.

Bilettekst: - Lokaldemokratiet er overkøyrd, konstaterer fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. Tilbake frå ferie kan ho oppsummera alle reaksjonane mot Regjeringa sitt vedtak om kraftlina Sima – Samnanger.

Kraftig provosert

-Mange er kraftig provosert av at leiande politikarar i Arbeidepartiet framstiller dette som ei miljøtiltak. Det er også ein kortslutnad å tru at folk i Bergen gjerne ofrar Hardanger for å sikra straum til seg sjølve. Senterpartiet har lova å stilla opp i Hardanger. No bør Stoltenberg fronta denne saka for dei som vert ramma av den, seier Nyborg. 

Ikkje truverdig

 -I dette fylket er vi verdsleiande på undervassteknologi, og teknologimiljøet vårt har vore ein pådrivar for legging av sjøkablar over vaskeleg havbotn andre stadar i Europa. Dei ser ikkje kvifor ein ikkje kan få til ei tilsvarande løysing i Hardanger. Statnett og regjeringa blir ikkje sett på som truverdige når dei berre ser ei løysing i denne saka.

Tungt miljørekneskap

Fylkesordføraren har eit samla Fylkesting med seg i motstanden mot luftspenn i Hardanger. Ho meiner denne saka aukar avstanden mellom regjeringa og Vestlandet. Stoltenberg-regjeringa får eit tungt miljørekneskap å gjere opp om dei ikkje lyttar til folket i vest. Dette kan setja heile Norge sitt miljørykte på spel og bli den største internasjonale miljøskandalen vi har sett i landet vårt, seier fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg i Hordaland.

Liv Strømme 30.07.2010 09:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart