Vil ha forhandlingar før tannklinikkar blir lagt ned

Opplærings- og helseutvalet i Hordaland vil ha forhandlingar med berørte kommunar før ein tannklinikk eventuelt blir nedlagt. Dette for å sjå på høve for å finne ei felles løysing, der økonomi så vel som rekruttering av personale må bli vurdert. Ingen tan

Dette tilrår fleirtalet på sju (KrF, Frp og H) i opplærings- og helseutvalet i Hordaland.
Etter forslag frå Ap og SV går utvalet samrøystes inn for at tannhelsetilbodet til rusavhengige blir ivareteke.

Problem med å rekruttere tannlegar i utkantstrok
Forslag til plan for tannhelsetenester i Hordaland 2010-2013 har vore ute på høyring. I planen er det forslag om å leggje ned 12-15 tannklinikkar over dei komande fire åra. Bakgrunnen for dette er problemet med å rekruttere tannlegar til utkantstrok og sikre stabile tenester til brukarane. For å få dette til er det foreslått ei moderat sentralisering av klinikkstrukturen i fylket.

Kommunane er mot ytterlegare sentralisering
Dei fleste kommunane gjev i høyringssvara uttrykk for at dei er nøgde med dagens tannhelsetenester. Dei er i mot ei ytterlegare sentralisering av klinikkstrukturen, vesentleg fordi dei meiner det rammar barn, funksjonshemma og eldre.

Tannklinikkar som kan bli nedlagde er: Røldal, Utne, Eidfjord, Granvin, Fitjar, Austrheim og Hatlestrand. Vidare gjeld dette tannklinikkar med stabile tilsette, men som kan få problem med å rekruttere nye tannlegar i framtida. Dette gjeld Sæbøvik, Skånevik, Masfjordnes, Manger og Baldersheim.

Erstatta av nye tannklinikkar
Ein del tannklinikkar blir føreslege nedlagde fordi det blir bygde nye tannklinikkar. Dette gjeld Breistein, Flaktveit og Marikollen som skal flyttast til ny tannklinikk på Hesthaugen i 2010, Fotlandsvåg og Haus som blir flytta til Hauge/Lonevåg når det blir bygt ny tannklinikk i den nye vidaregåande skulen på Osterøy sommaren 2010, og Årstad, Kalfaret og Sandviken som får nye lokale i det statlege odontologihuset på Årstad som skal stå ferdig i 2012. Tannlegevakta blir og vurdert flytta dit.

12-15 færre tannklinikkar
Med slike endringar vil den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland omfatte 55-58 tannklinikkar i 2013 mot 70 i dag.

Saka går vidare til fylkesutvalet torsdag 18. februar og blir endeleg vedteken i fylkestinget 9.-10. mars.

Forslag til plan for tannhelsetenester i Hordaland 2010 – 2013 (pdf-fil)

Bjarte Brask Eriksen 29.01.2010 13:42
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart