8. januar møtes representantar for sentrale utdanningsinstitusjonar innan plan på Vestlandet for ei første sondering omkring utvikling av planutdanning.
Styrking av plankompetansen på Vestlandet
For å styrke plankompetansen på Vestlandet har Hordaland fylkeskommune i kraft av sitt rettleiingsoppdrag i kommunal planlegging teke kontakt med UH – nettverk vest for å påpeike trong for både grunnutdanning og vidareutdanning innan planlegging. Seksjon for kommunesamarbeid har ansvar for planrettleiing og har frå før opparbeidd eit nettverk mellom institusjonane i Bergen. No vert dette utvida til eit vestlandsperspektiv. Vestlandnettverket har oppnevnt Jørgen Amdam, rektor ved høgskolen i Volda og professor i planlegging, til kontaktperson for det vidare arbeidet.
Utdanningsinstitusjonane
Kommunar, konsulentselskap og regionale organ har alle behov for plankompetanse. Ofte og i hovudsak vert denne rekruttert frå dei næraste regionale utdanningsinstitusjonane. Utdanningsinstitusjonane representerer i sum ein svært høg kompetanse, med stor breidde. Kvar for seg kan det vera store skilnader i profil og innhald. Desse institusjonane representerer dei mest sentrale her på Vestlandet:
- Universitetet i Bergen v/ Juridisk fakultet og Geografisk institutt
- Høgskolen i Bergen
- Høgskolen i Sogndal
- Høgskolen i Volda
- Høgskolen Stord/Haugesund
- Bergen arkitektskole
Strategi for vidare arbeid
Møtet vil munne ut i ei drøfting av strategi for det vidare arbeidet. Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland vil vera sentrale i samarbeidet med utdanningsinstitusjonane.
Marit Rødseth, plansjef Hordaland fylkeskommune
Marit Rødseth 06.01.2010 14:53