Styrkjer samarbeidet med Zambia

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg og opplæringsdirektør Svein-Erik Fjeld har nett vore på vitjing i Zambia. Der fekk dei mellom anna sjå det omfattande arbeidet Sotra vidaregåande gjer i landet. Også opplæringsavdelinga er sterkt inne i biletet med hj

To skuleelevar på Mbala, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, rektor Per Morken, Sotra, rektor Mambala og direktør for fagutvikling, Georgina frå Utdanningsdepartementet
To skuleelevar på Mbala, fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg, rektor Per Morken, Sotra, rektor Mambala og direktør for fagutvikling, Georgina, frå Utdanningsdepartementet. (foto: Svein-Erik Fjeld)

Tett og godt samarbeid
Dei seinare åra har det utvikla seg eit tett og godt samarbeid mellom opplæringsavdelinga, Opninga av pumpestasjonen, rektor Mambala på Mbala High School og ein glad fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.Sotra vidaregåande og skulemyndigheitene i Zambia. Først ute var Sotra og Mbala High School i Northern Province med å starte arbeidet med lokalt entrepre-nørskap under samle-omgrepet hjelp til sjølvhjelp.

Opninga av pumpe-stasjonen, rektor Mambala på Mbala High School og ein glad fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg. (foto: Svein-Erik Fjeld)

Elevar i ei elevbedrift i Mbala.Treng godkjent fagplan
– Samarbeidet kom i gang etter ein idé frå lærar på Sotra i 2002. I 2006 byrja lærarar frå Sotra med å gi opplæring i korleis skulen i Zambia skulle utvikle lokalt entreprenørskap på ulike felt. I Lusaka førre veka møtte fylkesordføraren leiinga for undervisningsdepartementet for å drøfte utfordringar som prosjektet har støytt på undervegs, fortel spesialrådgjevar Einar Gilberg på opplæring.

Elevar i ei elevbedrift i Mbala. (foto: Svein-Erik Fjeld)

Som til dømes?
- At faget treng ein godkjent fagplan og at elevane kan få høve til å avleggje eksamen i faget. Ei anna utfordring er å bøte på utskiftinga av lærarar i prosjektet. Slik det har vore, kan den lokale kompetansen prosjektet byggjer opp, lett smuldra vekk nettopp på grunn av hyppige skifte.Ynskjet frå fylkeskommunen er at lærarskulane både skal sende studentar i praksisperiodar til skulane, og også etter ferdig utdanning. Då vonar vi at opplegget får ei meir stabil ramme, seier Gilberg.

Reint og klart vatn

Etterpå bar det ut i bushen, og rektor Per Morken på Sotra fekk gleda av å opne ein ny pumpestasjon på Mbala High School med mangelvara reint og klart vatn. Kvart år går meir enn 200.000 kroner frå elevstyrte Aksjon Dagsverk til skulen i det sørlege Afrika.

- Midlane går til oppjustering, alt frå sengar, madrassar, måling til førefallande arbeid. Sotra  har ikkje nok med det og betaler skulepengar, 1000 kroner i året for til saman 100 økonomisk svaktstilte elevar på skulen. Det er ikkje vanskeleg å sjå nytteverdien. Den og optimismen finn vi spor av i alt rundt skulen, seier Per Morken.

Skulekoret i Mbala under opninga av pumpestasjonen, som var ei gåve frå Sotra vidaregåande skule.
Skulekoret i Mbala under opninga av pumpestasjonen, som var ei gåve frå Sotra vidaregåande skule. (foto: Svein-Erik Fjeld) 

Tormod Valaker 21.01.2010 11:06
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart