Strakstiltak for å betra luftkvaliteten i Bergen

For å dempa problema med den dårlege luftkvaliteten i Bergen sentrum har Hordaland fylkeskommune sett opp ekstra ekspressbussar mellom bydelane og sentrum. Bussopplegget kostar fylkeskommunen 200 000 kr dagleg.

Etter fellesmøte 11. januar mellom Bergen kommune, Hordaland fylkeskommune, Statens vegvesen og Politiet er det sett i gang strakstiltak.

Hovudoppfordringa er: Ta bussen – la bilen stå!

Lenkjer

Les om strakstiltaka i Bergen 

Ekspressbussar i rusjtida

Kostar fylkeskommunen 200 000 kr dagleg

Tiltaka som no er sett i verk med ekstra ekspressbussar for å betra bergenslufta, er det fylkeskommunen som står for og betalar, seier fylkesrådmann Paul M. Nilsen.

Fylkeskommunen sine direkte utgifter med ekspressbussane er 200 000 kr dagleg. I tillegg kjem tap av billettinntekter frå passasjerar som til vanleg nyttar det ordinære bustilbodet. I alt er det sett inn 25 bussar.

Ekspressbussane har førebels ikkje billetteringsutstyr, og er såleis gratis for dei som skal løysa enkeltbillett eller nyttar verdikort. Reisande med periodekort kan sjølvsagt også nytta ekspressbussane.

Stanley Hauge 12.01.2010 08:56
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart