Over 21 mill. kr til Bømlopakken

Bømlopakken er tildelt 21,6 mill. kr av kompensasjonsmidlane for auka arbeidsgjevaravgift. Dermed får Bømlopakken over halvparten av den disponible summen på 42,6 mill. kr for 2009.

I alt er det fordelt 27,5 mill. kr til samferdselstiltak, 5,2 mill. kr til kompetanseheving, 2,5 mill. kr til bedriftsretta tiltak fordelt av Innovasjon Noreg og 7,4 mill. kr til andre tiltak.

Jondalstunnelen

Til Jondalstunnelen er løyvd 3,3 mill. kr for 2009. Det står då framleis att å løyva 15,6 mill. kr finansiert av kompensasjonsmidlane. Det er ein føresetnad at denne restsummen vert innarbeidd i planane for 2010 og 2011, heiter det i fylkesutvalet sitt vedtak.

Bedriftsretta

Fylkesutvalet vedtok også at bedriftsretta virkemidlar skal forvaltast etter same praksis som andre fylkeskommunale midlar til Innovasjon Noreg og bør frå 2010 utgjere minst 10% av den årlege ramma.

Kompetansetiltak

Innan kompetanseheving er det for 2009 fordelt 3 mill. kr til samarbeid skule-næringsliv.

Kvinnherad og Ålvik

Andre tiltak som får tilskot er: Næringsfond Kvinnherad 3 mill. kr, kultursenter Husnes 2,5 mill. kr og tettstadutvikling Ålvik 1,5 mill. kr.

Andre vedtak

Pressemelding om vedtak i fylkesutvalet 21. jan. 2010 (pdf-fil)

Stanley Hauge 22.01.2010 11:40
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart