Nyeskulen på Osterøy snart klar

Lærarværelset på gamleskulen i Lonevåg er ein gamal møbelfabrikk. Så ga ostringane gratis tomt til fylket, og no reiser nyeskulen på Hatland seg som det første fylkeskommunale bygget på Osterøy.

Høgt under taket i verkstaden og høg stemning mellom rektor Aud Søilen og Roald Boye Nilsen frå Moelven Nordia.
Høgt under taket i verkstaden og høg stemning mellom rektor Aud Søilen og Roald Boye Nilsen frå Moelven Nordia. (foto: Tormod Valaker) 

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trykka på knappen, halden av Herlaug Bolstad, slik at roboten kunne føreta det første spadetaket for Osterøy vidaregåande skule 19. januar 2009. (foto: Simon Sortland)- Vi gler oss voldsomt. Her får vi alt vi treng. Det har vi ikkje no i leigde og slitne lokale i Lonevåg, seier Aud Søilen. Nyerektoren er minst like spent som karane som held på å gjere ferdig det staselege nybygget med plass til 216 elevar.
 
Ferie på Osterøy
- Skulen er lova klar 1. juli. I år tek eg ferien på Osterøy, ler rektor, som får alle skuledrøymane sine oppfylte med moderne lokale i eit tett og godt nærmiljø på Nord-Europas største innlandsøy.

- Vi har slite med elevtala, men eg trur det snur seg no. Elevane er veldig opptekne av nyebygget, og gjer ein fin innsats med å marknadsføre det på sine måtar.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg trykka på knappen, halden av Herlaug Bolstad, slik at roboten kunne føreta det første spadetaket for Osterøy vidaregåande skule 19. januar 2009. (foto: Simon Sortland)

- Kva med utdanningstilbodet frå hausten?
- Eg meiner vi har mykje godt å by på og at vi funne fram til eit godt konsept. Sjølv om skulen er liten, har vi fem utdanningsprogram pluss ein liten klasse med kvardagsliv/arbeidstrening, fortel ho.

Blant programfaga er breiddeidrett, som er blitt suksess alt første året. - Det er eit valfritt programfag på studiespesialisering som gir fem timar meir gym i veka. Det er eit fellestilbod for Vg1 og Vg2 studiespesialisering. Elevane kan velje eit programfag frå eit anna studieførebuande tilbod i tillegg til dei vanlege programfaga på realfag, språk og samfunnsfag. Hovudområda er aktivitetar, basistrening og fysisk aktivitet og helse.
 
Romslege lokale
- Og vi har mykje meir å freiste med. Etter planen skal vi ein eller to klassar Design og handverk og truleg får vi eit 3. påbyggingsår. Vi har Vg1 Helse og sosial og Vg2 Barne- og ungdomsarbeidar, Vg1 Elektrofag  og Vg2 El-energi, og vi har Vg1 Teknikk og industriell produksjon, TIP, med Produksjons og industriteknikk på Vg2, fortel rektor.
Det gir til saman vel 3700 kvm. TIP-elevane får god plass til å breie seg på. På Vg1 vert det 300 kvm medan Vg2 får eit halvt mål skuleverkstad, 500 kvm, som også inkluderer eit kompetansesenter innanfor CNC og robothandtering. Kantine og eit romsleg bibliotek skal sjølvsagt også på plass.

- Og elevane kjem?
- Det er eg viss på. Vi har jobba hardt med marknadsføringa i lokalmiljøet, og får berre gode tilbakemeldingar. Dei siste par åra har vi og fått elevar frå andre kommunar, og vi vonar det kjem endå fleire.Vi har sendt ut brosjyrar, laga utdanningsmesse, og invitert ungdomsskuleelevane.
på open dag med hot-dogar og bollar attåt. For å få ting til, må det skje i samhandling med lokalsamfunnet. Det er viktig for alle partar, og det får vi til, slår ein engasjert rektor fast.

Heimesida til Osterøy vidaregåande skule

Nyeskulen på Osterøy opnar 1. juli. - Det blir ferie på Osterøy i år, gler rektor Aud Søilen seg til.
Nyeskulen på Osterøy opnar 1. juli. - Det blir ferie på Osterøy i år, gler rektor Aud Søilen seg til. (foto: Tormod Valaker)

Slik skal den nye vidaregåande skulen på Osterøy bli.
Slik skal den nye vidaregåande skulen på Osterøy bli.

Tormod Valaker 27.01.2010 15:12
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart