Nyårsmøtet er ein viktig møteplass

Kamp om strandsoneforvaltninga, utfordra samhandlingsreforma i helsesektoren og meir strategisk kontakt mellom fylkesutvalet og Hordalandsbenken på Stortinget. Det var nokre av hovudpunkta som kom fram på fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg sitt tradisj

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskjer over 150 deltakarar velkomen til det 5. nyårsmøtet.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg ynskjer over 150 deltakarar velkomen til det 5. nyårsmøtet.

Over 150 sentrale aktørar innan politikk, nærings- og samfunnsliv, forsking og utdanning møttest til samråd om kva som er dei viktigaste utfordringane for Hordaland i 2010 på Radisson Blu Hotel Norge tysdag 5. januar i Bergen. «Korleis kan vi i fellesskap fremje Hordaland sine interesser?» var hovudagenda på møtet der stortingsrepresentantane frå Hordaland var særskilt inviterte.

Sterke innleiarar
Blant innleiarane på det femte nyårsmøtet på rad var helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen, stortingsrepresentant Per Rune Henriksen, byrådsleiar Monica Mæland, Tom Remlow (adm. dir Den Norske Opera og Ballett) og professor Arild Hervik (Høgskolen i Molde) per telefon. Professor Ole Didrik Lærum avrunda det heile med sine skråblikk på lukke.

Samarbeid gjev styrke
- Fylkeskommunen stiller opp og tek eit samla ansvar for utvikling av heile vårt sterke fylke. Men vi må bli flinkare til å jobba saman. Vi har gode føresetnader for vidare vekst, og eit stort ansvar for å skapa ei balansert og berekraftig utvikling. Det er min viktigaste bodskap her i dag, innleia fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg.

Ho tok vidare for seg fylkeskommunen sine nye oppgåver innan samferdsle og folkehelsearbeid etter forvaltningsreforma som treddetrådte i kraft 1.1.2010. Ho sveipa også innom finanskrisa, industrien, strategiar for energifylket Hordaland, kollektivsatsinga, klimaplanen, kompetansebygging og samarbeid med forskings- og utviklingsaktørar.

Tettare strategisk samarbeid
- Hordalandsbenken og fylkesutvalet bør samlast to gonger årleg for å samlast om dei sakene vi er samde om, og kva for saker som skal prioriterast. Med ei samla røyst kan vi nå fram i regjeringa, hos byråkratane og politikarar elles i landet med saker som er viktige for Vestlandsregionen, meiner Stortingsrepresentant Per Rune Henriksen (Ap) som sit i energi- og miljøkomiteen.

Henriksen tok også til orde for at dei nye reglane for strandsoneforvaltninga er for strenge for Hordaland sin del. – Dersom desse retningslinene vert vedtekne, strir dei imot føresetnadane som låg til grunn for å seie ja til å laga nye, meiner Henriksen.

Fronta samhandlingsreformaHelseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fronta den nye samhandlingsreforma på nyårsmøtet.

Høgre-leiar Erna Solberg gjekk i rette med helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen sitt innlegg om den komande samhandlingsreforma som legg opp til 20 prosent kommunal finansiering av helseutgiftene for å stimulerast til å arbeida førebyggjande. - Skal det vere slik, vert det inga samhandlingsreform, seier Solberg.

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen fronta den nye samhandlingsreforma på nyårsmøtet. (Foto: Stanley Hauge)

Statsråden repliserte av helsereforma no er på høyring. Saka er ikkje avgjort og ho er open for innspel for å få brei oppslutnad om ei reform som mange alt har stilt seg positive til.

Ventar ny ordrebølgje
Professor Arild Hervik frå Høgskolen i Molde heldt sitt føredrag om maritim sektor per telefon. Han kom med ein optimistisk bodskap, og ser for seg ei ny ordrebølgje for vestlandsverfta i 2011/12.

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg la vekt på samla styrke under nyårsmøtet som er blitt ein sentral møteplass for beslutningstakarar.
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg la vekt på samla styrke under nyårsmøtet som er blitt ein sentral møteplass for beslutningstakarar.

Viktig møteplass
Etter kommentarane å døma frå fleire av deltakarane, har fylkesordføraren sitt nyttårsmøte posisjonert seg som ein svært viktig møteplass for å nå føremålet med konferansen: å fremja Hordaland sine interesser nasjonalt.

Simon Sortland 07.01.2010 11:15
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart