Vil du vere med på å utvikle lokalsamfunn i bygd eller bydel? No finst høvet til å engasjera seg i lag med andre for entreprenørskap og nyskaping lokalt gjennom LivOGlyst —program for lokal utvikling i Hordaland.
15. februar
Programmet legg opp til ein prekvalifiseringsprosess med frist 15. februar. Opptil fem lokale tiltak får økonomisk tilskot anten for eitt eller tre år, og tett oppfølging i realiseringa av tiltaket.
Lokalsamfunn
Programmet føreset at lokalsamfunnsutvikling er tufta på ein nær samanheng mellom entreprenørskap og mobilisering for trivsel og bulyst. Lokale tiltak skal på ulike måtar kunne inkludera ungdom, kvinner og migrantar og vera tufta på samarbeid mellom anna med kommunen.
Alle søkjarar får føremoner
Alle søkjarar får tilbod om å vere assosierte medlem. dei får også delta i nettverksaktivitetar for kompetanseutvikling og erfaringsutveksling med andre lokalsamfunn og FoU-miljø. Søknad til livOglyst kan opne opp for andre former for delfinansiering av lokale tiltak.
Samarbeid
Hordaland fylkeskommune, Strategi- og næringsavdelinga, Fylkesmannen si landbruksavdeling, Innovasjon Norge Hordaland og Sparebanken Vest samarbeider om programmet, som har som føremål å stimulere lokal utviklingskraft på ein systematisk og langsiktig måte.
Søknaden kan sendast for prekvalifisering til:
Constance.karunairasah@post.hfk, med kopi til marit.brendbekken@post.hfk.no.
For meir info ta kontakt med
For meir informasjon om utlysing og søknadsprosedyre, sjå utlysingstekst på: www.hordaland.no/livoglyst