Det går det fram av næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane som vart presentert 21. januar.

Optimismen er komen attende: Direktør for bedriftsmarknadsdivisjonen i Sparebank Vest, Henning Nordgulen (f.v.), direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge, regiondirektør i NHO, Tom Knudsen, regionalutviklingsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Jan-Per Styve, direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV og president i NHO, Paul-Christian Rieber. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
2000 tilsette mista jobben
I Hordaland mista 2000 tilsette jobben i fjor, det meste innan industrien. Direktør for bedriftsmarknadsdivisjonen i Sparebank Vest, Henning Nordgulen, seier at sysselsetjinga i Hordaland fall mindre enn venta og at arbeidsløysa i fylket er med sine 2,4 prosent, godt under landsgjennomsnittet. Men meir urovekkande er ordrereservane som er kraftig svekka. Over 60 prosent av bedriftene har nedgang i ordrereserven.
Framleis nummer ein
Direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge seier at Hordaland framleis er eksportfylke nummer ein i landet sjølv med ein tilbakegang på 14 prosent i fjor.
– Nedgangen i eksporten har flata ut og vi ser forsiktig lysning for industrien. Næringsmiddel- og papirindustrien går opp og får vidare vekst. Oljeindustrien flatar ut. Bygg- og anleggsbransjen merka krisen verst, og det gjekk verst ut over næringsbygg. Det blir framleis låg aktivitet i næringa i år. I 2011 ser vi auke, seier Broch Mathisen.
Både auke og nedgang
Av næringsbarometeret går det fram at 40 prosent av bedriftene i Hordaland ventar auka omsetnad i år, mens 25 prosent av bedriftene reknar med at nedgangen held fram. I fjor kom det færre turistar til fylket. I år held nedgangen fram for andre år på rad.
Oppdrettsnæringa har derimot hatt gode tider trass i finanskrisa, men veksten vil flate ut i år.
Talet på arbeidslause vil stabilisere seg i 2011
Direktør Anne Kverneland Bogsnes i NAV har ein prognose som tilseier at arbeidsløysa vil auke ytterlegare i Hordaland i år.
– No har vi 6000 arbeidslause. Ved utgangen av året vil talet kome opp i ca 7000. Først i 2011 vil talet stabilisere seg. Vi har auka arbeidsløyse spesielt innan industri, bygg og anlegg og IKT-fag.
Unge gutar og store grupper innvandrarar fell utanfor
Kverneland Bogsnes er uroa over at ufaglærte er dei første som ikkje får jobb.
– Vi har ikkje råd til at fleire fell utanfor. Ufaglærte er stort sett unge gutar og store grupper av innvandrarar.
Kor riktig greier vi å spå?
NAV-direktøren er skeptisk til tala frå dei spurde bedriftene i Hordaland som reknar med ein vekst på tre prosent i år, noko som vil tilseie en vekst i tal tilsette på 6.500 personar.
– Det blir spennande å sjå kor riktig vi greier å spå. Men sannsynligvis vil vi mangle arbeidskraft når vi går inn i ein ny periode med høgkonjunktur om to-tre år, seier Anne Kverneland Bogsnes.
Både lyspunkt og smerte
Regionalutviklingsdirektør i Hordaland fylkeskommune, Jan-Per Styve, ser både lyspunkt og det som er meir smertefullt i 2010.
– Men det er viktig å ta vare på optimismen som er, og dyrke den, seier Styve.
Samarbeidsprosjekt
Næringsbarometeret er eit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Noreg, NAV, NHO, Sparebanken Vest og fylkeskommunane i Hordaland og Sogn og Fjordane. Målet med Næringsbarometeret, som byggjer på ei større bedriftsundersøking, er å gje status og framtidsutsikter for viktige næringar på Vestlandet.
Næringsbarometeret for Hordaland og Sogn og Fjordane (stor pdf-fil)