
Trude Drevland, leiar av komite for kultur, idrett og næring, og Helge Andre Njåstad, leiar for Kultur- og ressursutvalet i Hordaland ber om at skeivfordelinga av spelemidlar mellom fylka blir retta opp. Njåstad tok initiativ til uttalen på fellesmøtet mellom dei to komiteane. foto: Bjarte Brask Eriksen
Stort etterslep
I brevet til departementet peikar leiar av kultur- og ressursutvalet i Hordaland, Helge Andre Njåstad, og leiar av komite for kultur, idrett og næring i Bergen, Trude Drevland, på at det er eit stort etterslep i Hordaland og spesielt i Bergen kommune.
– I gjennomsnitt får kvart femte anlegg i Hordaland spelemidlar. I 2009 var dekkingsgrad på ordinære anlegg 20 prosent og 47 prosent på nærmiljøanlegg. Ventetida på spelemidlar er såleis om lag fem år på ordinære anlegg og to år på nærmiljøanlegg. Dette har store økonomiske konsekvensar for kommunar og idrettslag. I eit lokalt og regionalt perspektiv blir det vanskeleg å drive ein framtidsretta anleggspolitikk for idrett og friluftsliv når spelemidlane må prioriterast til ferdigstilte og godt påbyrja anlegg, skriv Njåstad og Drevland i brevet.
Lågast innvilgingsprosent
Rett nok er Hordaland eitt av fylka i landet som får mest av overskotet til Norsk Tipping til bygging av idretts- og friluftsanlegg, men i høve til godkjent søknader om anlegg, er Hordaland mellom fylka som har lågast innvilgingsprosent. Difor ber Njåstad og Drevland om at kriteria som gjev uheldige skeivfordelingar mellom fylka, må endrast.
– Noverande fordelingsnøkkel bør endrast for å kunne møte dei utfordringane som kommunar og frivillige organisasjonar møter i høve til utvikling av anlegg og aktivitet for barn og unge.
Legg mindre vekt på befolkningsgrunnlag
I brevet minner dei på forslaget frå Hordaland kommune frå 2008 om å legge større vekt godkjent søknadssum og mindre vekt på befolkningsgrunnlag. Kriteriet om kor mange anlegg der er i eit område bør takast vekk.
– Det er lite relevant at det finst tilsvarande anlegg i andre delar av kommunen eller i nabokommunen når det er svært lange reisetider, som til dømes for Fedje, Odda og Sveio. Vi har forventning om at ein ny fordelingsnøkkel blir sendt ut på høyring for å sikre ein demokratisk og best mogleg ramme for fordeling av spelemidlar i åra framover, skriv Njåstad og Drevland.
Ser fram til vidare dialog
Brevet til departementet er eit resultat av eit samrådings- og drøftingsmøte mellom Kultur- og ressursutvalet i Hordaland og Komite for kultur, idrett og næring i Bergen. Initiativtakar til uttalen er utvalsleiar Helge Andre Njåstad, og begge komiteane slutta seg til. Brevet blir avslutta med at Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune ser fram til vidare dialog med staten for å sikre ei best mogleg aktivitets- og anleggsutvikling framover.
Brevet frå Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune til Kulturdepartementet (pdf)