Fylkesutvalet rår også til at det skal vera forhandlingar med aktuelle kommunar før ein tannklinikk eventuelt vert lagt ned. Dette for å sjå på høve for å finna ei felles løysing, der økonomi så vel som rekruttering av personale må verta vurdert.
Tilråding er gjort med åtte røyster (KrF, Frp og H) mot sju røyster (Ap, SV, Sp, V).
Mindretalet i fylkesutvalet slutta seg til eit forslag frå Arbeiderpartiet/Sosialistisk venstreparti, der eit sentralt punkt er: «Ei sterk sentralisering, i strid med målsetjinga, kan verta eit resultat av planen om dei klinikkane som skal vurderast vert lagt ned. Utvalet vil difor at det vert ført drøftingar med vertskommunane før framlegg til nedlegging. Ingen klinikk skal leggjast ned utan det har vore sak om dette i fagutvalet.”
Problem med å rekruttere tannlegar i utkantstrok
I planen er det forslag om å leggja ned 12-15 tannklinikkar dei komande fire åra. Bakgrunnen for dette er problemet med å rekruttere tannlegar til utkantstrok og sikra stabile tenester til brukarane. For å få dette til er det foreslått ei moderat sentralisering av klinikkstrukturen i fylket.
Kommunane er mot ytterlegare sentralisering
Dei fleste kommunane gjev i høyringssvara uttrykk for at dei er nøgde med dagens tannhelsetenester. Dei er i mot ei ytterlegare sentralisering av klinikkstrukturen, vesentleg fordi dei meiner det rammar born, funksjonshemma og eldre.
Tannklinikkar som kan verta nedlagde er: Røldal, Utne, Eidfjord, Granvin, Fitjar, Austrheim og Hatlestrand. Vidare gjeld dette tannklinikkar som no har ein stabil mannskapssituasjon, men som kan få problem med å rekruttera nye tannlegar i framtida. Dette gjeld Sæbøvik, Skånevik, Masfjordnes, Manger og Baldersheim.
Erstatta av nye tannklinikkar
Ein del tannklinikkar vert føreslege nedlagde fordi det vert bygde nye tannklinikkar.
Dette gjeld bergensklinikkane: Breistein, Flaktveit og Marikollen som skal flyttast til ny tannklinikk på Hesthaugen i 2010. Årstad, Kalfaret og Sandviken som får nye lokale i det statlege odontologihuset på Årstad som skal stå ferdig i 2012. Tannlegevakta verr og vurdert flytta dit.
På Osterøy vert Fotlandsvåg og Haus vert flytta til Hauge/Lonevåg når tannklinikken i den nye vidaregåande skulen på Osterøy opnar sommaren 2010.
12-17 færre tannklinikkar
Med slike endringar vil den offentlege tannhelsetenesta i Hordaland omfatte 53-58 tannklinikkar i 2013 mot 70 i dag.
Pressemelding med fleire saker frå fylkesutvalet 18. februar (pdf-fil)