
Fylkesordførarane som i dag møter næringsminister Trond Giske for å tala verftsindustrien på Vestlandet si sak: Nils R. Sandal (Sogn og Fjordane), leiar i Vestlandsrådet Olav Bratland (Møre og Romsdal), Torill Selsvold Nyborg (Hordaland) og Tom Tvedt (Rogaland).
Den maritime klynga på Vestlandet har kompetanse og tyngde til å kunna verta eit framtidslaboratorium for ei global miljøsatsing til havs, meinar fylkesordførarane i Møre og Romsdal, Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Saman med fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg møter direktør Pål Engebretsen i Bergen Group frå Hordaland.
Motverka svak ordretilgang
Den svake ordretilgangen for verftsnæringa siste året har sett fortgang i tanken om utvikling og introduksjon av ny og meir miljøvenleg teknologi i den maritime næringa. Opprusting av eksisterande fartøy med reinare teknologi, overgang til gassdrivne fartøy og kondemnering av dei eldste og mest forureinande skipa og fornying av flåten er aktuelle tiltak.
Tida er moden for radikal innovasjon. Det er viktig at styremaktene, i samarbeid med næringslivet, nyttar sjansen til at vidareføra Norge sin sterke posisjon innan offshore teknologi. Vi har potensiale til å verta leiande på den nye, internasjonale marknaden for maritim miljøteknologi, oppfordrar fylkesordførarane.
Utan nye kontraheringar står næringa framfor eit skrekkscenario med masseoppseiingar , konkursar og forvitring av høgteknologiske kompetansemiljø med høg grad av innovasjon.
Tek Giske på ordet
Verftsnæringa på Vestlandet viser med dette at vi tek statsråden på ordet. Han har tidlegare sagt til NTB at han ønskjer å føra ein offensiv maritim politikk der målet er å etablera Norge som ein verdsleiande maritim nasjon.
Det vil her vera snakk om ein trippel-vinn-situasjon der vi oppnår ein vesentleg reduksjon av utslepp frå skip, oppretthalden aktivitet i den landbaserte maritime næringa og reduserte kostnadar for rederinæringa.
Døropnar til fornybar energi
På lengre sikt vil eit nasjonalt program for maritim miljøsatsing kunna fungera som ein døropnar til store, nye marknadar for fornybar energi til havs. Her har norsk teknologi potensiale til å vera internasjonalt leiande.
Offshore vindkraft, saman med bølje- og tidevasskraft og marin bioenergi er framtidige vekstområde.
I Europa føreligg det omfattande planar for offshore vindkraftproduksjon i stor skala. For å verkeleggjera planane vil det vera behov for innovasjonar som kan redusera energikostnadane med 30 – 40 prosent. Det er og krav om nye logistikkløysingar.
Skal vi kunna driva offensiv teknologiutvikling og ta posisjon i marknaden for fornybar energi, er det avgjerande at staten stiller opp med risikoavlasting og rammevilkår som gjer det mogeleg med kommersiell utvikling, er bodskapen Vestlandsordførarane vil formidla til nærings- og handelsminister Trond Giske.