Statsråden var positiv til møtet og var glad for at Vestlandsrådet var såpass konkrete med omsyn til tiltak og måtar å møte situasjonen på. Giske lova at det ville bli lagt fram ein tiltakspakke ut på vårparten og peikte m.a. behovet for å sikre at kompetansen, som den maritime næringa har opparbeidd seg på Vestlandet, må sikrast. Frå Vestlandsrådet vart det peika på verdien av at ein står sterkt samla politisk og næringsmessig på heile Vestlandet.