Dette forslaget, sett fram av Stein Inge Rysdal (H) på vegner av H, Frp og KrF, vart vedteke av fylkesutvalet med 8 (H, Frp, KrF) mot 7 (Ap, SV, Sp, V) røyster.
Mindretalet
Mindretalet i fylkesutvalet går inn for å prøva ut sambruksfelt i seks månadar på E39 Nordre innfartsåre mellom Åsane senter og NHH.
Politiet si fråsegn
I fråsegna frå politiet heiter det: «Ut frå trafikktryggleiken og 0-visjonen kan politiet ikkje rå til at det vert starta forsøk med sambruksfelt på E39, Nordre innfartsåre, i Bergen.»
I sør og vest
Fylkesutvalet går inn for at sambruksfelt vert prøvd ut på søndre innfartsåre i Bergen.
Fylkesutvalet ber Statens vegvesen om å starta arbeidet med å greia ut forsøk med sambruksfelt på vestre innfartsåre.
Effektmåling og evaluering
Fylkesutvalet legg til grunn at det i prøveperioden vert gjort grundige målingar av effektane av sambruksfeltet på kollektivtransport (passasjerutvikling og framkomst), bilbruk, trafikktryggleik og miljø.
Etter utløpet av prøveperioden skal ordninga evaluerast før nye sambruksfelt blir innført permanent.
Parallelt med utgreiingane og forsøka med sambruksfelt på innfartsårene, må det startast reguleringsarbeid og startast bygging av nye kollektivfelt i tillegg til dei eksisterande innfartsårene.
Protokollmerknad
Protokollmerknad frå Arbeiderpartiet/Sosialistisk venstreparti: «Arbeiderpartiet/Sosialistisk venstreparti føreset at tafikksikring på sambruksfelta vert ivaretatt på forsvarleg måte.»
Pressemelding om fleire saker i fylkesutvalet 18. februar (pdf-fil)