Sterkare folkevekst i Hordaland enn venta – med vekst i Hardanger

Nye tal frå Statistisk Sentralbyrå viser at folkeveksten i Hordaland har vore sterkare enn venta, og spesielt gledeleg er det at Hardanger har hatt ein positiv folkevekst stikk i strid med prognosane. I dei fleste kommunane i Hordaland er innflyttinga frå


Det var venta ein reduksjon i folketalet i Hardanger med 161 personar,  i staden vaks Hardanger med 104 innbyggjarar – ein differanse på heile 265 personar, og med dei nye innbyggjarane bur det no 22 859 menneske i Hardanger.  Ulvik, Jondal, Ullensvang og Kvam vaks alle i strid med prognosane som venta ein reduksjon i folketalet, Eidfjord vaks noko meir enn det som var venta, mens Odda og Granvin hadde ein mindre reduksjon i folketalet enn venta.  I Odda var det venta ein reduksjon på 83 personar, mens dei nye tala viser ein reduksjon på berre sju innbyggjarar.  Veksten kom hovudsakleg i siste kvartal 2009, som figuren under viser.

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og hordaland.no/statistikk

Kjelde: Statistisk sentralbyrå og hordaland.no/statistikk

I Hordaland bur det no 477 175 innbyggjarar, noko som svarer til ein vekst på 7 494 personar eller 1,6 prosent.  Folkeveksten i nokre kommunar skuldast eit godt fødselsoverskot, mens den uventa veksten skuldast ei god tilflytting frå utlandet.

Det har blitt heile 871 fleire hordalendingar enn det middelprognosen til SSB for 2009 venta, og heile tjue kommunar hadde ein vekst som var høgare enn dei øvre prognosane til SSB.  Seks kommunar hadde den 1. januar eit folketal som var innanfor prognosane, mens sju kommunar hadde eit folketal som var lågare enn den nedre prognose. 

Austrheim hadde den sterkaste folkeveksten i 2009, med ei auke på 6.3% og 162 innbyggjarar – 142 personar fleir enn venta.  I siste halvår og siste kvartal var det Austevoll som hadde den sterkaste veksten, og gjennom heile 2009 var veksten på 3.5% og 154 innbyggjarar – 149 fleire enn venta. 

Dei sju kommunane som hadde ein svakare vekst enn venta er Masfjorden, Samnanger, Fjell, Fedje, Os, Radøy og Modalen.  Av desse hadde Masfjorden, Samnanger, Fedje og Modalen ein negativ folkevekst.  Innanfor dei venta grensene hadde Vaksdal og Tysnes også negativ utvikling, mens Odda og Granvin som nemnt hadde ein mindre reduksjon enn venta.

Folkevekst i Hordaland 2009 - 2010 (pdf-fil)

Stian Skår Ludvigsen 22.02.2010 13:48
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart