Planrett - nytt studietilbod ved Universitetet i Bergen

Opplæring og informasjon om ny plandel i Plan- og bygningsloven har vore i fokus gjennom heile 2009. No kjem eit tilbod om formell kompetansegjevande utdanning i planrett.

Fagplansamarbeid UiB , fylkeskommunen og fylkesmannen

Kunnskap om lovar og reglar som gjeld for planlegging av samfunn og arealbruk er grunnleggjande for å fremja ei berekraftig utvikling.  Opplæring og informasjon om ny plandel i Plan- og bygningsloven har vore i fokus gjennom heile 2009. No kjem eit tilbod om formell kompetansegjevande utdanning i planrett forankra ved Juridisk fakultet, Universitetet i Bergen.

Tilbodet er utvikla etter eit initiativ frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen i Hordaland. I fellesskap har dei regionale fagorgana kome med innspel til ein fagplan ut i frå behova som er registrert i praktisk planlegging i Hordaland. Fakultetet har utvikla ein fagplan i tråd med reglar og normer som gjeld for slike og fakultetsstyret ved Juridisk fakultet godkjende fagplanen i desembermøtet.

Tilpassa personar i arbeid

Tilbodet er tilpassa personar som er i arbeid gjennom tre tredagars samlingar i Bergen. 15 studiepoeng tilsvarar 5 ”gamle” vekttal og skal vera overkomeleg for arbeidstakarar.  Kurset startar i mai og vil avsluttast med skriftleg eksamen der dato alt er fastsett til 15.oktober 2010. Kurset kan inngå som ein del av bachelor- eller mastergrad. Det blir arbeidd med tilsvarande modular for  andre plantema i samarbeid med Universitets – og høyskolenettverket på Vestlandet.

Rabatt for kommunalt tilsette i Hordaland

SEVU (Senter for etter- og vidareutdanning ved UiB) har det praktiske ansvaret for gjennomføring av kurset. Kommunalt tilsette i Hordaland får rabatt på dette første kurset,  og det blir arbeidd med å framskaffa midlar som kan stimulera fleste mogeleg kommunar til å senda deltakarar.

Bruk sjansen!

Brukarundersøkingar og tilbakemeldingar frå planfeltet i Hordaland peikar på kunnskap om lovverk som mest mangelfull. No har kommunane ein gylden sjanse til å få oppgradert kompetansenivået. Eit vellukka kurs vil i tillegg skapa grunnlag for eit varig utdanningstilbod for dette og andre plantema.  På sikt vil det styrke plankompetansen regionalt og samspelet mellom forskings- og utdanningsmiljø på Vestlandet og praktikarane i samfunnsplanlegging.

Meir om kurset

Påmelding

 

Marit Rødseth 17.02.2010 15:24
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart