Med ti mot tre røyster har kultur- og ressursutvalet i Hordaland vedteke å fremje motsegn mot reguleringsplanen for bustadområde ved Troldhaugen.

Skisse av den planlagde utbygginga i Skiparvika laga av Faaland Arkitekter.
Konflikt
Reguleringsplanen er i strid med overordna planar med omsyn til byggjehøgde og utnytting. Vidare er planforslaget i konflikt med nasjonale kulturminneinteresser og gjev negative konsekvensar for opplevinga av kulturlandskapet rundt Troldhaugen og Troldhaugen som kulturminne, museum, rekreasjons- og konsertstad.
Arkeologisk registrering
Før planen kan godkjennast må det gjerast arkeologisk registrering for å avgjere om tiltaket kjem i konflikt med hittil ikkje registrerte kulturminne.
Nytt planforslag
Kultur- og ressursutvalet ber om at det vert utarbeidd eit nytt planforslag etter ny planlov. Gjeldande kommunedelplan bør ikkje fråvikast i reguleringsplanen.
140 bueiningar
Planområdet ligg i Skiparvika, sør for Troldhaugen. Målet er å bygge 140 bueiningar i blokker frå fem til sju etasjar. Utvalet reiste på synfaring i området før dei gjorde vedtak.
Dei tre som røysta mot motsegn var representantane til FrP.
Vil ikke ha høyblokker (sak i Bergens Tidende)
Unoter på Griegs grunn (sak i Bergens Tidende)
Byantikvaren tror på Troldhaug-utbygging (sak i Bergens Tidende)