LUK - kom-an.no
Større satsing på regional utvikling lovar trekløveret Jan Per Styve (t.h), regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune, landbruksdirektør Ole Bakkebø hos fylkesmannen og direktør Nina Broch Mathisen i Innovasjon Norge under lansernga av nettportalen kom-an.no i Bergen 3. februar.
- Vi skal bli best på lokal vekstraft, understreka Jan Per Styve, regionaldirektør i Hordaland fylkeskommune, på LivOGlyst-konferansen i Bergen 3. februar. Entreprenørskap og lokal samfunnsutvikling er viktige satsingsområde i Hordaland.
Det har kommunar og lokalsamfunn erfart dei siste åra, gjennom kompetanse- og utviklingsprogramma ”LivOglyst” og ”Kommuneprogrammet”. Bak står eit sterkt lag med Hordaland fylkeskommune, Innovasjon Noreg og fylkesmannen si landbruksavdeling.
Enno sterkare satsing
No varslar den aktive partnarskapen enno sterkare satsing på kommunar og lokalsamfunn. Den flunkande nye møtestaden www.kom-an.no er på lufta.

Søknaden om deltaking i KRD si satsing på lokal samfunnsutvikling i kommunane er også snart klar. Tilbakemeldingane frå entreprenørar og prosjektleiarar på konferansen i Bergen var gode.
Selmic Mutic er opphavsmannen til namnet og rap-songen "kom-an.no". Under lanseringa i Terminus hall fekk han dansehjelp frå prosjektgruppa Marit Brendbekken (HFK) (t.v), Eli Janette Fosse (fylkesmannen), koordinator Jon Erik Vollan (HFK) og Olav Mellgren (IN).
- Vi har stor nytte av deltakinga i LivOGlyst og samarbeidet i Kommuneprogrammet. Kompetansen og nettverka vi får tilgang til er gull verdt, sa prosjektleiar ToneTysseland Holmefjord i Prosam, Samnanger kommune.
Nyttig verktøy
Den nye nettsatsinga www.kom-an.no kan bli nok eit nyttig verktøy for nyetablerar og samfunnsentreprenørar i Hordaland. Her finst informasjon og forum for alle som treng informasjon og støtte til å starte opp eiga verksemd eller lokale utviklingstiltak.
Innovasjon Noreg, landbruksavdelinga hjå fylkesmannen og fylkeskommunen står ansvarleg for innhaldet, men også kommunar og lokale prosjekt kan få ”sine sider” i portalen.
- Kompetansen og nettverka vi får tilgang til er gull verdt, sa prosjektleiar ToneTysseland Holmefjord i Prosam, Samnanger kommune.
Desse, og foruma som høyrer til, styrer kommunane og prosjekta sjølve. - Vi har store ambisjonar, men det er de som avgjer om dette blir eit godt verktøy i arbeidet, sa landbruksdirektør Ole Bakkebø til programdeltakarar og kommunalt tilsette i salen på Terminus Hall.
Nettstaden vender seg først og fremst mot entreprenørar og lokalsamfunn i Hordaland og vil samspele med den nasjonale møtestaden distriktssenteret.no. No sit det spente redaktørar og prosjektdeltakarar klare til å høyre kva brukarane sjølve seier. Ta ein kik du også: Kom-an og ta sats - i eller utanfor Hordaland.
Ei av arbeidsgruppene som diskuterte ideutvikling og søknadsskriving for prosjektleiarar.
Gå til kom-an.no
Presentasjonar frå lanseringa:
LivOGlyst
Kommuneprosjektet
Bulyst 2010
Lokal samfunnsutvikling i kommunene
LUK - kom-an.no
PROSAM Samnanger