Ja til Vaksdal, Ulvik må søkja på nytt

Fristen for tilsegna om fylkeskommunalt tilskot til Dale fabrikkutsalsentrum vert lengd til 1. juni 2010, har Hordaland fylkesutval vedteke. Ulvik herad får nei på søknaden om å bruka tilskot til Gnist Hardanger til eit alternativt prosjekt.


Prosjektet med å få realisert eit senter av fabrikkutsal for kjente merkevarer lokalisert til Dale, starta i 2004 under tittelen «Dale Fabrikkutsalssentrum». Fylkeskommunen løyvde 1,5 mill. kr til prosjektet. 0,5 mill. kr av tilskotet vart utbetalt i november 2010.

Vaksdal

Eit fabrikkutsalssenter var i gang på Dale 2005-06, men prosjektet vart ikkje realisert slik planane var. Vaksdal kommune overtok prosjektet hausten 2006. I desember 2009 fekk Dale status som typisk turiststad og får dermed høve til å halda søndagsope. Dermed ser det ut til at investorane med dette som utgangspunkt vil realisere prosjektet.

Fylkesutvalet har godkjent at tilsegna for Dale fabrikkutsalsentrum vert vidareført fram til 1. juni 2010. Innan den tid må kommunen ha forpliktande planar for bruk av midlane, og det må liggja føre eit vedtak om at prosjektet blir realisert. Dersom dette ikkje ligg føre innan fristen, vert tilsegna trekt tilbake.

Ulvik

Fylkesutvalet gav i 2008 tilsegn om 10 mill. kr til prosjekt Hardanger Rehabiliteringssenter, etter kvart omdøypt til Gnist Hardanger. I den tilsegna vart det føresett at det vart teke avgjerd om bygging av senteret i løpet av 2008. Fylkesutvalet lengde tilsegna til ut 2009.

Fylkesutvalet registrerer at Ulvik herad ikkje går vidare med prosjektet no. På prinsipielt grunnlag meiner fylkesutvalet at når eit prosjekt i vesentleg grad endrar karakter, må prosjektet konkurrera på like vilkår med andre søkjarar. Fylkesutvalet finn difor at det ikkje er grunnlag for å omgjera tilsegna til Gnist til det nye prosjektet. Det betyr at det må søkjast på nytt når nye midlar vert lyste ut.

Pressemelding om fleire saker i fylkesutvalet 18. februar 2010 (pdf-fil)

Stanley Hauge 19.02.2010 16:39
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart