Det er viktig å sikra Hordaland ein rettvis del av nasjonale verkemiddel til finansiering og fornying av driftsbygningar og nye næringar dei komande åra. Det er stor etterspørsel etter investeringsmidlar i Hordaland. Samtidig er Hordaland sin del av tilskotsordningar innanfor jordbruket fallande m.a. som følgje av at vår eigedomsstruktur ikkje samsvarar med hovudtrekka i den nasjonale landbrukspolitikken, heiter det i fråsegna.
TIL FJELLS: Sauehald er ein viktig del av jordbruket i Hordaland.
Taper terreng
Fylkesutvalet viser til at offentleg støtte skal kompensera for m.a. ulagleg topografi, klima og eigedomsstruktur. Her har Hordaland tapt terreng siste åra. Det bør også vurderast ei anna soneinndeling for mjølkeproduksjonen i fylket for å betra økonomien i næringa. Større del av investeringsmidlar bør regionaliserast, og fordelinga må vera slik at fjord- og fjellbygdene får betre stimuli.
Skogbruk og kulturlandskap
Hordaland ønskjer styrka økonomisk innsats frå nasjonalt hald for å initiera fellesprosjekt på tvers av eigedomsgrenser for å drifta jordbruksareal som går ut av produksjon. Store delar av fylket gror i dag ned av skog og vegetasjon – m.a. som følgje av at svært mange bruk har lagt ned sjølvstendig drift. Dette går særleg ut over tidlegare beitelandskap. Denne prosessen forringar kulturlandskapet i fylket, med alvorlege sideverknader for reiselivssektoren.
Heile vedtaket
Jordbruksforhandlingane 2010 – innspel frå Hordaland
Vedtak:
1. Det er viktig å sikre Hordaland ein rettvis del av nasjonale verkemiddel til finansiering og fornying av driftsbygningar og nye næringar dei komande åra. Det er stor etterspørsel etter investeringsmidlar i Hordaland. Samtidig er Hordaland sin andel av tilskotsordningar innanfor jordbruket fallande m.a. som følge av at vår eigedomstruktur ikkje samsvarar med hovudtrekka i den nasjonale landbrukspolitikken. Offentleg støtte skal kompensere for m.a. ulagleg topografi, klima og eigedomstruktur. Her har Hordaland tapt terreng siste åra. Det bør også vurderast ei anna soneinndeling for mjølkeproduksjonen i fylket for å betre økonomien i næringa. Større andel av investeringsmidlar bør regionaliserast, og fordelinga må vere slik at fjord- og fjellbygdene får betre stimuli.
2. Det er ønskjeleg med sterkare samordning mellom Landbruks- og matdepartementet og Miljøverndepartementet for å utvikle ein meir differensiert arealpolitikk som er betre tilrettelagt for landbruksbasert næringsutvikling og bustadbygging i distrikta. Statlege organ bør overlate større grad av ansvaret til lokale og regionale folkevalde organ. Potensialet for næringsutvikling blir ikkje godt nok utnytta utanfor det tradisjonelle landbruket. Det må vere større samsvar mellom signal til Innovasjon Norge og til Fylkesmennene /landbruksavdelinga om satsing innanfor nye næringar (Jfr begrepet ”taktskifte for nye næringar”) og den arealpolitiske utfordringa som ligg i slik satsing.
3. Hordaland ønskjer styrka økonomisk innsats frå nasjonalt halde for å initiere fellesprosjekt på tvers av eigedomsgrenser for å drifte jordbruksareal som går ut av produksjon. Store delar av fylket gror i dag ned av skog og vegetasjon – m.a. som følgje av at svært mange bruk har lagt ned sjølvstendig drift. Dette går særleg ut over tidlegare beitelandskap. Denne prosessen forringar kulturlandskapet i fylket, med alvorlege sideverknader for reiselivssektoren.
4. Landbruks- og matdepartementet må i lag med partane i jordbruksoppgjeret utvikle nye driftskonsept i landbruket som er meir konkurransedyktige m.o.t. økonomi, ferie/fritid og rekruttering - med utgangspunkt i at morgondagens bønder/brukseigarar vil stille nye krav for å gå aktivt inn i næringa.
5. Marginaliseringa av landbruket fører også til passive skogeigarar. Dette er ei utfordring i skogsektoren i forhold til fellestiltak, hogst, vegbygging, skogkultur og organisert beitebruk. Dette rammar også dei som er igjen i landbruket – men er også til hinder for fornuftig ressursutnytting av fylket sine produksjonsareal for skog. Det må vurderast korleis ein skal få organisert og tilrettelagt for meir forpliktande samarbeidstiltak i næringa.
6. Omsetninga av landbrukseigedomar er for svak i næringa. Mange eldre og pensjonistar sit lenge med bruka, og mange av desse er ute av drift. Samstundes er det mange unge som vil inn i næringa eller kjøpe eit gardsbruk. Dette er eit stort dilemma for eit fylke som har sett lokalsamfunnsutvikling på dagsorden. Dette er heller ikkje ein forsvarleg forvaltning av samfunnsressursar.
7. Landbruks- og matdepartementet bør vurdere om praktisering av delingsparagrafen i jordlova er eit unødig hinder når det gjeld frådeling av jord og skogareal (parsellar) når føremålet er å betre eigarskap og arrondering for dei bruka som er i drift eller for å betre eigedomsstrukturen i næringa.
8. Landbruks- og matdepartementet må i endå større grad sette entreprenørskap på dagsorden. Fokus må rettast mot dei bruka som fell ut av tradisjonelt landbruk, slik at ein kan utvikle eigedomane.