Hordaland fylkesutval skal fredag 19. februar ha møte med stortingsrepresentantane for Hordaland og informera dei om viktige saker for fylket. Møtet vert halde i Fylkeshuset i Bergen.
Program for møtet:
1. Korleis utviklar vi felles strategiar for å fremja hordalandssaker.
– møteform, møtefrekvens m.m.
2. Samferdsel
– samferdselsutfordringar generelt, forvaltingsreforma
– Bybanen i Bergen – finansiering av utbygging og drift
– ferjeflåten
3. Utdanning – med hovudvekt på situasjonen for fagskulane
4. Andre saker, oppsummering.
Oppfølging
På fylkesordføraren sitt nyårsmøte 5. januar i år tok leiar for «Hordalandsbenken», Per Rune Henriksen, til orde for at fylkeskommunen og stortingsrepresentantane for Hordaland skulle møtast nokolunde regelmessig. Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg har følgd opp denne invitten og på det første møtet skal ein mellom anna drøfta opplegg for vidare kontakt.
Kontaktperson:
Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – mob. 915 22 733
Stanley Hauge 17.02.2010 10:53