Fylkesutvalet tilrår at Direktorat for naturforvaltning gjer vedtak om sikring av friluftsområde i følgjande prioriterte rekkefølgje:
1 Askøy kommune, sikring av grunn til tilkomst for området Solnes, gnr. 4, bnr.
2 Friluftsrådet Vest, sikring av friluftsområdet Hille i Kvinnherad, gnr.189, bnr. 2.
3 Friluftsrådet Vest, sikring av området Holmen i Kvinnherad, Gnr.112, bnr. 3.
Fylkesutvalet tilrår at søknaden frå Kvam herad om sikring av området Botnen ikkje vert teke til følgje.
Askøy
Askøy kommune søkjer midlar til sikring av eit privateigd område på Solnes på Askøy, gnr. 4 bnr.
Arealet søknaden gjeld er på omlag 1000 kvadratmeter og er ein del av tilkomsten til eit større friluftsareal på samla omlag 50 000 kvadratmeter.
Kvinnherad
Friluftsrådet Vest søkjer sikring av friluftsområdet ”Hille” i Kvinnherad kommune, gnr. 189 bnr. 2. Hille er ei privat eigd øy på om lag 160.000 kvadratmeter med status som LNF-område ytst i Hardangerfjorden. Øya ligg sentralt, om lag på grensa mellom Stord, Kvinherad, Sveio og Vindafjord.
Friluftsrådet Vest søkjer midlar til sikring av området Holmen (Kuneset) i Kvinnherad kommune, gnr.112 - bnr. 3. Arealet er ca 22.000 kvadratmeter, privat eigd med status som LNF området.
Kvam
Kvam herad søkjer om midlar til sikring av området Botnen gnr. 62, bnr. 23. Søknaden frå Kvam gjeld berre oppføring av toalettbygg utan nokon form for kjøp av grunn. Søknaden fyller ikkje vilkåra for ordninga og fylkesutvalet finn det difor rett å tilrå at denne ikkje vert tatt til følgje.
Pressmelding med fleire saker i fylkesutvalet 18. februar 2010 (pdf-fil)