– Skal du søkje deg inn på vidaregåande frå hausten, må du ha dei fem sifra på MinID. Elles kjem du ikkje inn på Vigo og får ikkje registrert søknaden din, seier inntaksleiar Nils Skavhellen. Hvis ikkje du har orden på tala, må du snarast ringe 800 30 300
Tidlegare var det mogeleg å få ID’en anten på Inntakskontoret eller på skulane.
– Alle som går ut av 10. klasse i år og alle som ikkje har nytta MinID, til dømes til Lånekassen, fekk det tilsendt rundt 10. januar frå MinID/Skattedirektoratet, seier Skavhellen.
I fjor gjekk meir enn 99 prosent av alle dei over 18 000 søknadene elektronisk. Det er ingen grunn til å tru at talet vert lågare i år. Og servicen er den same på Inntakskontoret:
Telefonvakt
– Denne helga har vi telefonvakt og utvida telefontid på kontoret. Søkjarar som treng hjelp, kan ringe 55 23 94 60. Dei kjem også fram utanom vanleg kontortid slik:
laurdag 27. februar 1030-1530
sundag 28. mars 1200-1630
måndag 1.mars 1545 –1830.
Siste frist for å søkje er måndag kl 2359. Då klappar Skavhellen att laptopen og ventar spent dei første prognosane.
– Stalltipset?
– Det eg håper på, er at talet på søknader til byggfag og restaurant og matfag er på veg opp att etter nedgangen dei siste åra. Og så blir Bergen sør spennande med Nordahl Grieg som joker, seier Nils Skavhellen.