– Dette vil få stor betyding for heile Vestlandsregionen og er eit godt døme på kva ein kan oppnå ved å løfta saman som ein region i samarbeid mellom det offentlege, frivillige og næringslivet. Det skaper god folkehelse både for fastbuande og tilreisande, seier fylkeskultursjef Anna Elisa Tryti i Hordaland fylkeskommune.
Gradering av turløypene
Skiltinga byggjer på fire graderingar som me kjenner frå alpint – grøn, blå, raud og svart løype som ein indikator på vanskegrad. I fyrste omgang vil prosjekt for merking av turløyper for vandring, sykling, ski og padling få støtte. Hovudmålsetjinga er å sikra gode og trygge naturopplevingar for alle – frå lokalbefolkning til turistar.
Kvinnherad har vore tidlig ute og har alt tatt standarden i bruk. Merking og gradering av totalt 70 løyper ute i felt og gode kart og turomtalar på nett, syner potensialet i denne satsinga.

Tursti til Juklavatnet er ei av mange merkte løyper i Kvinnherad.
Kvinnherad er godt i gang
– Me har fått veldig gode tilbakemeldingar frå folk som bur i kommunen om at dei har «oppdaga» nye turalternativ. Men og frå tilreisande som melder om at det er enkelt å planleggja og å finna fram til turmålet. Våre erfaringar med over 70 merka turruter i varierande vanskegrad viser at folk finn gode alternativ til turar og vert kjend i eige nærmiljø og eigen kommune.
Turomtalar
Gode kart og turomtalar på nettsida www.visitsunnhordland.no er ein viktig del satsinga. Her finn ein informasjon om alt frå kvar ein skal parkera til vanskegrad og korleis ein finn fram. Me håpar og trur at mange fleire vil oppdaga det store og unike turtilbodet i kommunen vår og vil velja nye turruter. Det unike med prosjektet vårt er at ruter som er eigna for rullestol også er merkte, dvs. at også folk med barnevogn og sykkel har høve til å finna ein passande tur, seier Anne Kari Enes i Kvinnherad Turlag.
Søk om pengar til lokale tiltak
Einar Grieg i Hordaland fylkeskommune har representert fylket i arbeidet med søknaden, og han oppmodar no folk til å søkje om midlar.
– Dette er ein vinn-vinn situasjon der lokalsamfunn kan leggja til rette for trivsel, folkehelse og turisme. Oppfordringa til alle kommunar og reisemål er; bli med og bygg felles infrastruktur til beste for lokalbefolkning og turistar, seier Einar Grieg
Sats heilskapleg
No håpar ein at fleire lokalområde ynskjer å satsa heilskapleg på merking og gradering av turløyper. Rett over nyttår vert det lyst ut midlar, der den viktigaste føresetnaden er at ein får til eit lokalt samarbeid mellom kommune, frivillige og reiselivet. Dermed legg ein til rette for eit samarbeid der ein felles infrastruktur blir kommunisert mot, og tatt i bruk av fleire brukargrupper. Slik sikrar ein maksimal utnytting av kvar investerte krone og kvar time med arbeidsinnsats frå frivillige. Dersom ein får positivt svar på ein søknad om midlar, vil ein kunna koma i gang med arbeidet så snart snøen har smelta! Meir opplysningar vil kome på www.hordaland.no/idrett
Styringsgruppa
I styringsgruppa for prosjektet er Forum for Natur og Friluftsliv, fylkeskommunane i Hordaland, Møre og Romsdal, Rogaland og Sogn og Fjordane, Norges Jeger og Fiskerforbund, Friluftsrådet Vest, Bergen Turlag/DNT samt NCE Tourism Fjord Norway representert. Hordaland sine representantar i dette arbeidet har vore Helene Ødven, Bergen Turlag/DNT, og Einar Grieg og Jens Harald Garden, Hordaland fylkeskommune.
For meir informasjon, ta kontakt med:
Einar Grieg
Telefon: 900 72 543
E-post: einar.grieg@post.hfk.no