Stjerneklare hordalandskonsertar på Orknøyane

«Sjugur ofra livet for jomfrua.» 270 elevar frå sju til tolv år ved Papdale Primary School på Orknøyane stemde i dette refrenget då årets skulekonsertgåve frå Hordaland vart servert.

"Ein stjerklar konsert" for elevane ved Papdale Primary School. Vokalist Kim Andre Rysstad fekk elevane til å syngja med på norsk. 

"Ein stjerneklar konsert" for elevane ved Papdale Primary School. Vokalist Kim Andre Rysstad fekk elevane til å syngja med på norsk.

Førjulsgåve

«Ein stjerneklar konsert» var tittelen på konserten som Hordaland fylkeskommune i år gav som førjulsgåve til venskapsfylket Orknøyane. I dagane 2.-5. desember vart dette konsertprogrammet, som Fylkeskonsertane til Hordaland fylkeskommune har produsert, framført på fire skular. Delar av programmet vart også framført ved konsertar i St. Magnus katedralen.

Konsentrerte

– Det er noko heilt anna å starta ein skulekonsert på Orknøyane enn heime. Heime er elevane ofte urolege, sjauar litt, og er ikkje så konsentrerte på det som skal skje, seier Sigurd Ulveseth som har brei erfaring frå skulekonsertar i Hordaland. No også på Orknøyane der han var med på konsertar andre året på rad.

Merksemd

– Her på Orknøyane har du merksemda til elevane med ein gong. Eg trur norsk skule hadde hatt godt av å ta etter det me ser her, det ville vore bra både for elevar og lærarar, seier Ulveseth.

«Good morning, Mrs. Dufort» var den samstemte helsinga elevane møtte læraren med før starten på konserte i gymnastikksalen på Papdale Primary School.
«Good morning, Mrs. Dufort» var den samstemte helsinga elevane møtte læraren med før starten på konserte i gymnastikksalen på Papdale Primary School.

Golvplass

Til konserten i gymnastikksalen på Papdale Primary School kom elevane inn klassevis og sette seg på rekkje og rad på golvet. Dei yngste på 6-7 år fremst og så oppover til 12-14-åringane.

Elevane kikka nysgjerrig på musikarane som var i ferd med å gjera seg konsertklare. Då læraren helste «Good morning», helsa dei tydeleg tilbake:  «Good morning, Mrs. Dufort».

Stjerneklargjengen, frå venstre: Sigurd Ulveseth (bass), Thomas Nøkling (saksofon), Kim André Rysstad (vokal) og Trym Bjønnes (gitar og song).

Stjerneklargjengen, frå venstre: Sigurd Ulveseth (bass), Thomas Nøkling (saksofon), Kim André Rysstad (vokal) og Trym Bjønnes (gitar og song).

Balladar +

Programmet «En stjerneklar konsert» inneheld gamle norske balladar, folkesongar og tradisjonelle jazzuttrykk. Framføringa er ved kvartetten Kim André Rysstad (vokal), Thomas Nøkling (saksofon) Trym Bjønnes (gitar og song) og Sigurd Ulveseth (bassist). Produsent er Wenche Gaustad.

http://www.dks-hordaland.no/turneoversikt/turne.asp?TurneID=469

Fekk elevane med

Vokalist Kim oppfordra elevane til å syngja med på visa «Sjugur ofra livet for jomfrua». Det skulle ikkje mange øvingsrundane til før elevane song strofa på klingande norsk.

Litt meir skeptisk var ein liten kar i fremste rekkje då saksofonist Thomas hadde putta eit sjal inn i saksofonen sin, og gjerne ville ha hjelp til å få trekt det ut att av tuten. Først etter eit par vink frå saksofonisten våga han å trekkja ut sjalet – men då kom også smilet.

Saksofonist Thomas Nøkling utfordra elevane på fremste rekkje …..
Saksofonist Thomas Nøkling utfordra elevane på fremste rekkje …..

Elevane på Papdale Primary School tok svært godt imot konserten, som har eit program som primært er laga for framføring i ungdomsskulen.

Kirkwall Grammar

På Kirwall Grammar School var det musikkfag- og dramaelevar med fleire, i alderen 14-17 år, som var publikum for konserten. Ein del av dei om lag 900 elevane ved skulen.

Hjå denne aldersgruppa fekk konserten endå betre mottaking, med stor applaus og krav om ekstranummer.

Trym Bjønnes (gitar og song) og dei tre andre musikarane i kvartetten  fekk kjempeapplaus på Kirkwall Grammar School.
Trym Bjønnes (gitar og song) og dei tre andre musikarane i kvartetten  fekk kjempeapplaus på Kirkwall Grammar School.

Takk for konsertane

Både representantar for skulane og ordførar Stephen Hagan retta stor takk til Hordaland fylkeskommune for den flotte konsertgåva. Dei skaper stor glede i førjulstida og styrkjer dei kulturelle banda på tvers av Nordsjøen, sa Hagan.

Musikarane

Underteikna, som fekk høve til å vera til stades på to av skulekonsertane og framføringa på julekonsertane, kan skriva under på at det var program og framføring av beste merke dei fire musikarane stod for. Ikkje rart at dei fekk spørsmål om musikken var å få kjøpt på CD og om dei kjem att neste år!

Lenkjer

Her finn du meir om programmet og musikarane 

«Norsk julestemning» i Kirkwall

Papdale Primary School

Kirkwall Grammar School

Orkney Islands Council

Stanley Hauge 22.12.2010 10:09
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart