
Fylkesrådmann Paul M. Nilsen skriv under kjøpsavtalen for bussanlegget til Tide på Straume, her representert ved finansdirektør Knut Eriksen. (foto: Bjarte Brask Eriksen)
63 millionar kroner
Hordaland fylkeskommune kjøper bussanlegget for 63 millionar kroner. I tillegg betalar fylkeskommunen fem millionar kroner til Fjell kommune i kompensasjon for at dei fråfell forkjøpsrett til eigedommen. Årsaka til kjøpet er at fylkeskommunen er avhengig av å kunne disponere bussanlegg og oppstillingsplass for å inngå avtale om drift av bussrutene i området.
Femte bussanlegg
Dette er det femte bussanlegget fylkeskommunen kjøper frå Tide. I fjor overtok fylkeskommunen anlegga på Mannsverk, Fanahammeren, Lonevåg og Haugland på Askøy.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen skriv under avtalen om kompensasjon på fem millionar kroner til Fjell kommune, representert ved spesialrådgjevar Svein Fjelland.
110 bussar
Bussanlegget på Straume har eit bygningsareal på 3.365 kvadratmeter og inneheld kontor og sosiale rom for sjåførar og tilsette, reingjeringshallar og verkstadshallar. Totalt tomteareal er om lag 37,5 mål, og der er oppstillingsplass for rundt 110 bussar.
5,7 millionar kroner i årleg leige
Vedtaket om kjøp av bussanlegget gjorde fylkestinget 15. desember. Fram til rutepakka i området blir sett i drift, skal Tide Buss AS leige anlegget for ein årleg sum på 5,7 millionar kroner.

Fylkesrådmann Paul M. Nilsen (t.h.) og finansdirektør Knut Eriksen i Tide gratulerer kvarandre med avtalen.