Inger Øvsthus Tønder er frå 6. desember 2010 opplæringsdirektør i Hordaland fylkeskommune. Ho er mellombels tilsett i stillinga i samband med at Svein-Erik Fjeld gjekk ut i permisjon frå same tidspunkt.
Inger Øvsthus Tønder har arbeidd i fylkeskommunen si opplæringsavdeling sidan 1993 då ho tok til i stillinga som økonomisjef. Ho går no over frå stillinga som seksjonsleiar for drifts- og utviklingsseksjonen til direktørjobben. Sidan 2004 har ho også vore nestleiar ved avdelinga.
Mellombels
Tilsetjinga av Øvsthus Tønder er tidsavgrensa til den perioden Svein-Erik Fjeld har permisjon eller inntil stillinga er lyst ut og tilsetjing gjennomført. I første omgang har Fjeld permisjon til 1. juli 2011.
Seksjonsleiar
Seniorrådgjevar Birthe Haugen er seksjonsleiar for drifts- og utviklingsseksjonen i same perioden som Øvsthus Tønder er opplæringsdirektør.

Lenkje
Svein-Erik Fjeld til Utdanningsdirektoratet