Oppfinnarpris for unik dataprosessor

Bergensbedrifta CUPP Computing AS er tildelt Hordaland fylkeskomme sin oppfinnarpris for 2010. Verksemda får prisen for å ha utvikla ein lågenergiprosessor som reduserer straumforbruket i datamaskiner med inntil 90 %.

Oppfinninga er revolusjonerande og vil kunna få store konsekvensar for datamaskinmarknaden. Batteria i berbare PCar vil kunna brukast 1-2 veker mellom kvar lading, og straumforbruket i serverar og stasjonære maskiner vil verta drastisk redusert.

Vinnarane av Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris 2010, CUPP Computing AS, saman med fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som stod for tildelinga. Frå venstre: Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, Ove Daae Lampe, Carl Fredrik Joys, Kevin McDonnell og Andrew Keenan.
Vinnarane av Hordaland fylkeskommune sin oppfinnarpris 2010, CUPP Computing AS, saman med fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som stod for tildelinga. Frå venstre: Fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen, Ove Daae Lampe, Carl Fredrik Joys, Kevin McDonnell og Andrew Keenan.

Pristildelinga

Oppfinnarprisen vart delt ut av fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen under fylkestinget sitt møte i Bergen tysdag 14. desember.

Prisen er på kr 75 000 kr. Diplom og blomster følgde også med.

Bak oppfinninga CISS (Cupp Integrated Southbridge Solution) står dette teamet: Kevin McDonnell, Omar Ely, Andrew Keenan, Ove Daae Lampe og Carl Fredrik Joys.

Patentert

CUPP sitt patenterte produkt, CISS, er unikt og revolusjonerande for data/PC industrien. Konseptet baserer seg på å kutte straumforbruket til ein  x86-basert arkitektur med inntil 90%. x86 arkitektur refererer til prosessoren som vert brukt i einkvar PC eller server.

Avgrensa ressursar

Cupp Computing AS har, med avgrensa ressursar, vist ei imponerande evne til å utvikla banebrytande teknologi i ein bransje som er kjenneteikna av skarp konkurranse og store internasjonale aktørar, sa fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen ved tildelinga.

Selskapet har òg vist god evne til å utvikla relasjonar med internasjonale aktørar, og har gode muligheiter til å lukkast med å byggja verdiar for eigarane og for næringslivet i Hordaland. CUPP Computing held til i Nyskapingsparken Inkubator i Bergen.

Lenkje: http://cuppcomputing.com/

Heiderleg omtale for oppfinningane sine fekk frå venstre: Yngve Ødegård og Brit Helle Aarskog i textUrgy, og Frank Johnsen og Rune Fjellandsbø for produktet «Fix and Quick». Til høgre fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som stod for utdelinga.
Heiderleg omtale for oppfinningane sine fekk frå venstre: Yngve Ødegård og Brit Helle Aarskog i textUrgy, og Frank Johnsen og Rune Fjellandsbø for produktet «Fix and Quick». Til høgre fylkesvaraordførar Tom-Christer Nilsen som stod for utdelinga.

Heiderleg omtale

Rune Fjellandsbø og Frank Johnsen frå Kvinnherad og Brit Helle Aarskog i firmaet TextUrgy AS i Bergen får heiderleg omtale for sine oppfinningar. For første gong i Oppfinnarprisen sin lange historie (frå 1993) er det ei kvinne som får heiderleg omtale.

Fix and Quick

Oppfinnarane Rune Fjellandsbø og Frank Johnsen frå Kvinnherad har bakgrunn som høvesvis teknikar innan mekanisk industri og snekkar. I lag har dei hatt den kunnskapen som skal til for å kome fram til det unikt produktet, Fix and Quick.

Dette er eit pattentert verktøy til bruk ved innsetjing av vindauge og dører. Det er utvikla ulike modellar til både amatør- og proffmarknaden. Verktøyet er i produksjon ved Maritim Service på Sunde i Kvinnherad.

Lenkje: www.fixandquick.no

TextUrgy

Brit Helle Aarskog står bak oppfinninga TextUrgy. Firmaet TextUrgy AS held til i Nyskapingsparken Inkubator i Bergen, og har sitt utspring frå Universitetet i Bergen.

TextUrgy er programvare som realiserer avanserte semantiske reiskapar for utforsking av tekst og er ein reiskap som gjev støtte til navigering gjennom store mengder tekst på basis av semantisk klassifisering av ordtypar og fraser i tekstane. Dette betyr at ein kan søkja i teksten basert på meining, og ikkje berre  på ord. TextUrgy AS har i dag 4 tilsette.

Lenkje: Programvara kan testast ved: www.textnews.no/

Brit Helle Aarskog i textUrgy  fekk heiderleg omtale for oppfinninga si. For første gong i Oppfinnarprisen sin lange historie (frå 1993) er det ei kvinne som er premiert.
Brit Helle Aarskog i textUrgy  fekk heiderleg omtale for oppfinninga si. For første gong i Oppfinnarprisen sin lange historie (frå 1993) er det ei kvinne som er premiert.

12 kandidater

Hordaland fylkeskommune har delt ut Oppfinnarprisen for Hordaland sidan 1993, og i år var det 12 kandidatar som meldte si oppfinning på i konkurransen. Mange av desse var svært gode oppfinningar, men vil vere meir eigna til å motta oppfinnarprisen om nokre år når oppfinninga har teke større steg mot ein marknad.

Juryen har vore sett saman av følgjande medlemmer:
Torill Vebenstad, Hordaland fylkeskommune.
Per Arve Frøyen, Innovasjon Norge.
Svein Hatlem, NHO.
Øystein Stavø Høvig, Senter for nyskaping, Høgskolen i Bergen.
Jan Olav Ormberg. Acapo (tidlegare Bergen Patentkontor).
Roger Pilskog, LO.

Fylkeskommunen sin næringsseksjon er sekretariat for oppfinnarprisen.

Stanley Hauge 14.12.2010 18:52
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart