Mjølkerobot lettar arbeidet i fjøset

– Vi har investert 1,5 millionar kroner i ein mjølkerobot. Den gjer arbeidet i fjøset mykje lettare, seier gardstyrar Erling Kjosås ved Stend vidaregåande skule.

Økonomidirektør Johnny Stiansen og eigedomssjef Helge Haavardtun følgjer interessert med mens armen til roboten er på veg bort til jura til kua. I bakgrunnen kontorsjef Tore Hordnes og rektor Bjørn Lyngedal ved Stend vidaregåande skule. Gardsstyrar Erling Kjosås skjult til venstre.
Økonomidirektør Johnny Stiansen og eigedomssjef Helge Haavardtun i Hordaland fylkeskommune følgjer interessert med mens armen til roboten er på veg bort til jura til kua. I bakgrunnen kontorsjef Tore Hordnes og rektor Bjørn Lyngedal ved Stend vidaregåande skule. Gardsstyrar Erling Kjosås skjult til venstre. (alle foto: Bjarte Brask Eriksen)

235.000 liter mjølk
I haust har skulen installert den svenske mjølkeroboten. I fjøset blir det årleg produsert 235.000 liter mjølk frå 40 mjølkekyr.

Ein stor vestlandsgard
– Drifta vi har her ved skulen tilsvarar ein stor gard på Vestlandet. Roboten er ein kjempeinvestering. Det blir mykje enklare å drive fjøset. Vi har to tilsette på jobb. Den første kjem om morgonen, og den andre ut på dagen. Mjølkinga går av seg sjølv, så dei steller kyrne og alle dei andre dyra vi har på garden. Totalt har vi fire fagarbeidarar i fjøset, men tidlegare måtte vi i tillegg leige inn mange elevar til å ta fjøsstellet, flest om kvelden. Dette slepp vi no, så vi kjem nok til å spare pengar på investeringa. Mjølkinga var ein monaleg jobb, som no går av seg sjølv, fortel Kjosås.

Mjølkeroboten med installering og tilpassingar har kostar 1,5 millionar kroner.
Mjølkeroboten med installering og tilpassingar har kostar 1,5 millionar kroner. Kua kjem inn frå venstre, porten lukkar seg, og porten til høgre opner seg etter mjølkinga, og kua kan gå ut.

Kraftfôr i belønning
Mjølkeroboten gjer at alt arbeidet med mjølking blir automatisert.
– Kyrne bestemmer sjølv når dei vil bli mjølka. Dei går inn i robotrommet, og ein arm festar mjølkemaskinen til dei fire spenane. For å gjere det attraktivt å bli mjølka, får dei kraftfôr i belønning. Roboten gjer at dei no blir mjølka tre gonger i døgnet, mot to gonger før. Dette betrar trivsel og helse til kyrne, seier Kjosås.

Testar kvaliteten
Roboten les av kva for ku som vil mjølkast. Det må gå minst seks timar mellom kvar gong. Roboten testar kvaliteten på mjølka, før den går i tanken eller eventuelt blir avvist. På dataskjermar kan dei tilsette lese av dei ulike data om kyrne og mjølka. Når mjølkinga er over, går kua ut og tilbake i fjøset, og ein ny ku kan kome inn.

Ei ku på veg inn for å bli mjølka av roboten. Dei bestemmer sjølv når dei vil bli mjølka.
Ei ku på veg inn for å bli mjølka av roboten. Dei bestemmer sjølv når dei vil bli mjølka. Dei får kraftfôr i løn under mjølkinga. Roboten kjenner att kyrna og avviser kua om den kjem att mindre enn seks timar sidan førre mjølking.

På 25 vestlandsgardar
Kjosås seier at mjølkeroboten er installert på 25 gardar på Vestlandet.
– Skulle det oppstå noko gale med roboten, blir vi automatisk ringt opp på mobiltelefon.

Automatisk fôring
I kalvefjøset har skulen i haust installert ein automatisk maskin til fôring, som gjev både mat og drikke til kalvane. Kjosås fortel at dette er ei investering til under 200.000 kroner.
– I kalvefjøset har vi 80 ungdyr, opp til seks månader gamle. Dei får mjølk og kraftfôr frå automaten. Maskinen kan lese kva kalv det er, slik at dei får akkurat den maten og drikken dei skal ha. Dei kan ete og drikke når dei vil gjennom døgnet av rasjonen. I tillegg får dei silofôr, seier Kjosås.

Gardsstyrar Erling Kjosås (t.v.) viser den datastyrte fôringsautomaten som skulen har installert i kalvefjøset der ungdyra sjølv forsynar seg med mat og drikke. Vidare frå venstre: Assisterande rektor Magnus Vaktskjold, økonomidirektør Johnny Stiansen, eigedomssjef Helge Haavardtun, Mona Engum ved eigedomsseksjonen, rektor Bjørn Lyngedal og kontorsjef Tore Hordnes.
Gardsstyrar Erling Kjosås (t.v.) viser den datastyrte fôringsautomaten som skulen har installert i kalvefjøset der ungdyra forsynar seg sjølve med mat og drikke. Vidare frå venstre: Assisterande rektor Magnus Vaktskjold, økonomidirektør Johnny Stiansen, eigedomssjef Helge Haavardtun, Mona Engum ved eigedomsseksjonen, rektor Bjørn Lyngedal og kontorsjef Tore Hordnes.

300 elevar og 100 tilsette
I tillegg til mjølkekyr og ungdyr, har skulen 600 høns, 10 grisar, 62 vinterfora sauar, 27 hestar og mellom 500 og 1000 smådyr.
Stend vidaregåande skule har 300 elevar og vel 100 tilsette.

Ungdyr på rekke og rad i kalvefjøset på Stend.
Ungdyr på rekke og rad i kalvefjøset på Stend. I alt er det plass til 80 kalvar opp til seks månader.

Ein nyfødt kalv, 12 timar gammal, får mjølk av mora si i fjøset på Stend. I bakgrunnen gardsstyrar Erling Kjosås (f.v.), eigedomssjef Helge Haavardtun, økonomidirektør Johnny Stiansen i Hordaland fylkeskommune og rektor Bjørn Lyngedal.
Ein nyfødt kalv, 12 timar gammal, får mjølk av mora si i fjøset på Stend. I bakgrunnen gardsstyrar Erling Kjosås (f.v.), eigedomssjef Helge Haavardtun, økonomidirektør Johnny Stiansen i Hordaland fylkeskommune og rektor Bjørn Lyngedal. 

Bjarte Brask Eriksen 28.12.2010 07:00
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart