Keith Bellows: Fjord Noreg som internasjonalt reisemål

Keith Bellows – sjefredaktør i National Geographic Traveller – er innleiar på fylkesordføraren i Hordaland sitt nyårsmøte i Bergen 4. januar 2011. Han skal snakka om «Fjord Noreg – eit eineståande reisemål i verda». Konferansen blir sendt direkte på inter

Program for nyårsmøtet 4. januar 2010 (pdf-fil)

Nyårsmøtet blir sendt direkte på internett tysdag 4. januar frå ca kl. 10.00. I pausar blir sendinga stoppa. Overføringa skjer på http://media.hfk.no

Reiselivsnæringa vert eit sentralt tema på nyårsmøtet 2011. Under vignetten «Internasjonalt blikk på Vestlandet og Hordaland» skal innleiarar ta opp verdiskaping og profilering med basis i natur, reise og opplevingar. I desse områda har reiselivet potensial for auka aktivitet og verdiskaping, men samspelet med andre innsatsområde kan vera krevjande.

Heilårsturisme?

Sjefredaktør Bellow skal i innlegget sitt ta for seg korleis han meiner vi bør ta vare på og utvikla regionen vår som reisemål i framtida. Er der potensial for heilårsturisme? er eit av spørsmåla han vil kommentera.

Andre innleiarar

Reiselivstemaet vert også teke opp av fleire andre spennande innleiarar. Shannon Stowel – president i Adventure Travel Trade Assosiation skak ta for seg opplevingsferiar. Direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge AS skal snakka om samspel mellom reiseliv og andre næringar. Ulvik-ordførar Mona Hellesnes skal innleia om «korleis utviklar vi reiselivsnæringa vidare?»

Fylkesordføraren

Nyårsmøtet vert innleia av fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg som skal snakka om «Hordaland i 2011 – utsikter og utfordringar». Det vert rapport frå hordalandsbenken i Stortinget ved Hilde Magnussen Lydvo og Arne Sortevik. Det er også sett av tid til kommentarar og innspel frå møtedeltakarane.

I verdsrommet..

Og om ikkje deltakarane er vortne tekne til dei store høgder av utsiktene for Hordaland og reiselivet i fylket, kan dei verta det i avsluttinga. Då skal astrofysikar Knut Jørgen Røed Ødegaard kåsera om «Hordaland i verdensrommet…»

Program

Program for nyårsmøtet 4. januar 2010 (pdf-fil)

Deltakarar

Mellom dei inviterte deltakarane til nyårsmøtet er stortingsrepresentantane for Hordaland, ordførarane i kommunane i fylket, representantar for statlege regionkontor, universitet og høgskular, næringslivs- og arbeidstakarorganisasjonar m.fl.

Kontaktpersonar:

Fylkesordførar Torill Selsvold Nyborg – mob. 915 22 733
Regionaldirektør Jan Per Styve – mob. 920 28 915

Stanley Hauge 29.12.2010 16:23
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart