Inge A. Alver ny fagopplæringssjef

Inge A. Alver er tilsett som ny fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune. Han tek til i stillinga 1. februar 2011.

1. februar 2011 startar Inge Alver som fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune.Inge A. Alver har dei siste 11 åra vore rektor ved vidaregåande skular i Knarvik. Først ved Nordhordland vidaregåande skule og frå 2003 ved Knarvik vidaregåande skule – som er namnet etter samanslåinga av Lindås gymnas og Nordhordland vidaregåande skule.

1. februar 2011 startar Inge Alver som fagopplæringssjef i Hordaland fylkeskommune.

Allsidig

Alver har arbeidd i Hordaland fylkeskommune i til saman 30 år sidan han første gong byrja i fylkeskommunen i 1975. Fleire gonger i desse åra har han skifta «beite» for å få variasjon og inspirasjon til å koma sterkare tilbake i skulen. Han har arbeidd både som lærar, studieinspektør og medarbeidar ved Europakontoret. Og han bygde opp fylkeskommunen sin internasjonale klasse i Cardiff, Wales. I tre år var han også informasjonssjef ved Statoil Mongstad.

Vel-medalje

Rett før jul no var han ein av sju medarbeidarar ved Knarvik vidaregåande skule som fekk Noregs vels medalje for lang og tru teneste i fylkeskommunen.

Fredheim

Noverande fagopplæringssjef Ole G. Fredheim sluttar i stillinga frå same tidspunkt som Alver tek til.

Stanley Hauge 23.12.2010 14:25
Opningstid

Opningstid

15. sept. - 14. mai kl. 08:00 - 15:45
15. mai - 14. sept. kl. 08:00 - 15:00

Sentralbord

Sentralbord

55 23 90 00
Kontakt oss

E-post

E-post

hfk@hfk.no

Post

Post

PB 7900
5020 Bergen

Besøk fylkeshuset

Besøk fylkeshuset

Agnes Mowinckels gate 5
Sjå kart