– Dei juleblomstrane som vi ikkje får selt til jul, leverer vi til sjukeheimar og institusjonar i distriktet for å glede dei som bur der, seier gardstyrar Erling Kjosås ved Stend vidaregåande skule.

Juleblomster så langt auga kan sjå i gartneriet til Stend vidaregåande skule. Johnny Stiansen, økonomidirektør i Hordaland fylkeskommune, og Tore Hordnes, kontorsjef ved skulen, nytar synet. (Foto: Bjarte Brask Eriksen)
5000 blomstar
– I gartneriet vårt produserer vi rundt 5000 blomster til jul. Det aller meste blir selt, men vi kjem nok til å ha att nokre hundre juleblomster. Dei kastar vi ikkje, men leverer rundt til institusjonar og sjukeheimar, seier Erling Kjosås.
Travle dagar
Kjosås og hans medarbeidarar har hatt travle dagar på den tidlegare jordbruksskulen som har skifta namn til vidaregåande skule.
– Vi leverer ikkje blomster til butikk. Vi sel alt direkte frå gartneriet. Så alt du ser her av juleblomster er gått til jul, seier Erling Kjosås, som har ansvaret for gardsdrifta ved skulen inkludert gardsbutikken og gartneriet.