Kvart stipend er på kr 25 000. Utdelinga vart gjort av leiar i kultur- og ressursutvalet Helge Andre Njåstad på fylkestinget 14. desember.
Tre av stipendvinnarane er elevar ved toppidrettslinja ved Tertnes videregående skole: Lavrans Solli, Maren Roll Lied og Eivind Tangen.

Daniel Salbu (t.v.) og Maren Roll Lied er to av dei som fekk Hordaland fylkeskommune sitt idrettsstipend for 2010. Her saman med Tommy Urhaug (t.h.) som fekk fylkeskommunen sitt fat for særlege idrettsprestasjonar, og leiar i kultur- og ressursutvalet, Helge Andre Njåstad, som stod for utdelinga.
Prestasjonspremie
Tommy Urhaug vart tildelt fylkeskommunen sitt fat for særleg idrettsprestasjonar. Han fekk fatet for 2. plassen under bordtennis-VM i Sør-Korea i november i år.
Utøvarane som fekk stipend
Kort om dei einskilde utøvarane som er heidra:
Lavrans Solli
er ein 18 år gamal symjar som representerer Bergens Svømme Club. Lavrans er junior, men er også med på seniorlandslaget i symjing. Han tok bronse på 100m rygg ved ungdoms-OL i Singapore i august i år. Han har teke seks NM-gull i 2010. Det store målet hans er OL 2012 i London.
Daniel Salbu
er ein 22 år gamal padlar som representerer Fana kajakklubb. Han deltek på seniorlandslaget. I september i år tok han gull og vart verdsmeister U23 i K-1 maraton i Spania. Han har i år teke 7. plassar i EM U-23 på 1000m i K-1 og World cup K-2 på 1000m. I NM tok han tre sølvmedaljar, på 500m, 1000m og 5000m. Han har som mål å nå finalar i EM/VM i 2011 og OL i 2012, men det store langsiktige målet er OL i Rio de Janeiro i 2016.
Maren Roll Lied
er handballspelar, 18 år, og spelar for Tertnes elite. Ho spelar på landslaget for jenter 18 år. Dei siste tre åra har ho delteke på landslaget (LK 92) ved ei lang rekkje internasjonale turneringar. Med det laget har ho mellom anna vore med på å vinna ope skandinavisk meisterskap i år, og teke 2. plassen i verdsmeisterskapen som vart spelt i den Dominikanske republikk. Det langsiktige målet og draumen er å representera Noreg på seniorlandslaget.
Eivind Tangen
er handballspelar, 17 år, og spelar på Fyllingen elite. Han er fast på landslaget for gutar 19 år og er den yngste som er teken inn på det norske seniorlandslaget i handball. I 2009 vart han sluttspelmeister med Fyllingen og vart då toppskårar i heile sluttspelet. Målet hans er å verta etablert på seniorlandslaget og verta proffspelar i Tyskland eller Spania.
Knut Jørgen Brodahl
er skyttar, 25 år, og representerer Fana sportsskytterlag IL. Han vart skyttarkonge i 2010 og det store målet hans er å delta i OL 2016.
Utviklingsstipenda
Fylkeskommunen sine utviklingsstipend innan idrett kan tildelast einskildutøvarar og trenarar. Ein person kan berre få slikt stipend ein gong.
Målet med stipenda er å gje mottakarane stimulans og høve til vidareutvikling i si idrettsgrein. Ved tildelinga av stipend vert det lagt vekt på: idrettsprestasjonar, potensial og planar for vidare satsing innan idretten.
Hordaland idrettskrets/Olympiatoppen Vest-Norge har delteke i prosessen med å vurdera kven av dei 66 søkjarane som var best kvalifisert til å få Hordaland fylkeskommune sitt utviklingsstipend for 2010. Vedtak om kven som skal tildelast stipend, er gjort av kultur- og ressursutvalet.